Vi kan aldri gløyme og vi må aldri tillate at nazistane sitt folkemord på jødane blir gløymt. Markering av Den internasjonale holocaustdagen blir ikkje mindre viktig på grunn av Israel si krigføring og den pågåande humanitære katastrofen i Gaza.

Hat, drap og overgrep mot andre må vi uansett aldri teie bort.

Vi må bruke historia til å kjempe mot det vonde, ikkje forsvare det. Ein urett kan aldri rettferdiggjere ein annan.

Dommar Joan Donoghue (til høgre) opna sesjonen ved Den internasjonale domstolen i Haag fredag, der domstolen slo fast at befolkninga i Gaza har krav på vern under FN sin folkemordkonvensjon. Foto: Patrick Post / AP

I dag er det 79 år sidan soldatar frå den sovjetiske hæren frigjorde utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau. I denne leiren åleine hadde det tyske nazi-regimet teke livet av meir enn ein million menneske, dei fleste jødar.

Gasskamra i dei tyske utryddingsleirane er eit av dei mest grusomme monumenta over menneskeleg vondskap.

Desse leirane fortel historia om kvar hat og fordommar mot ei folkegruppe kan føre oss. Minnet om det som skjedde med jødane i dei mørke åra frå 1938 til 1945 må haldast levande for å hindre at liknande kan skje igjen.

I går, fredag, slo Den internasjonale straffedomstolen i Haag fast at befolkninga i Gaza har krav på vern under FN sin folkemordkonvensjon. Domstolen ber Israel om straks å hindre skader og drap på palestinarar i Gaza, sørge for humanitær hjelp og hindre og straffe oppmodingar til folkemord.

Haag-domstolen opnar altså folkemord-sak mot Israel.

I lys av dette kan det framstå som eit ironisk paradoks å markere Holocaustdagen i dag. Nettopp nazistane sitt folkemord på jødar før og under andre verdskrigen er den direkte årsak til at omgrepet folkemord er blitt innført i internasjonal rett. Dette folkemordet førte også fram til opprettinga av staten Israel i 1948.

Ein stat som i dag fører krig i Gaza med enorme sivile tap.

Krigen i Gaza starta etter Hamas sitt bestialske terrorangrep i Israel 7. oktober. Slik terror kan aldri forsvarast. Israel har rett til å forsvare seg, men ikkje med ein grenselaus maktbruk som gjer innbyggjarane i Gaza til offer for ei umenneskeleg humanitær katastrofe.

Vi ser i dag både veksande antisemittisme og muslimhat.

Lar vi krigen i Gaza, og dei paradoksa og motsetnadane den skapar, stå i vegen for å markere minnet om holocaust, gjer vi oss likevel skuldig i ein stor feil. Kjernen i ei slik markering er nettopp å stå opp mot hat mot folkegrupper. Det har vi plikt til uavhengig av kven eller kva som gir næring til hat og overgrep.

Martin Luther King jr. sa det slik: «Den største tragedien er ikkje dei vonde menneska sin brutalitet, men dei gode menneska sin tausheit»