Mindre kommunar i distrikta slit allereie tungt for å skaffe helsehjelp og omsorgstilbod til seniorane sine. Dei vil slite endå tyngre framover.

Talet på eldre stig kraftig dei neste par tiåra.

Kommunane må bruke meir av sine knappe ressursar på eldreomsorg. Samstundes styrer vi mot eit stadig større underskot på helsearbeidarar.

I Møre og Romsdal er Vanylven og Fjord dei to kommunane som kjenner dette mest på kroppen i dag. I begge desse kommunane er i dag rundt åtte prosent av befolkninga over 80 år.

I andre enden av skalaen ligg kommunar som Sula og Giske, vekstkommunane rundt Ålesund.

I desse kommunane er presset på omsorgstenestene per i dag langt mindre. Dei har lettare for å rekruttere helsepersonell fordi dei ligg meir sentralt til. Samstundes har dei ein andel eldre som berre er halvparten av det vi finn i Vanylven og Fjord.

Dei gjer uklokt i å la det vere ei kvilepute.

For det er no veksten i talet på eldre for alvor slår inn over Kommune-Noreg. Det råkar både stor og liten. I Vanylven vil rett nok andelen eldre doble seg i løpet av dei neste 20 åra, men det er Sula som vil ha den største veksten.

Sula har i dag rundt 400 80+-seniorar.

Om 20 år vil det talet vere tett oppunder 1.000 om hovudscenariet i Statistisk sentralbyrå sine prognosar slår til, ein vekst på nær 130 prosent. Målt i andelen eldre vil Sula og Giske stå akkurat der Vanylven gjer i dag om to tiår.

Eldrebølgja kjem snart til eit rådhus nær oss alle.

Kommunesektoren har inga større utfordring enn dette framover. Dårleg vedlikehald på kommunale bygg, gamle kloakkrøyr eller kommunale vegar som er køyrd i filler, alt dette vil krevje enorme summar for knappe kommunale budsjett.

Likevel vil dette vere som krusingar på vatnet å rekne.

Og det er ikkje berre den økonomiske utfordringa som er stor. Mangelen på helsepersonell vil bli ei endå meir krevjande oppgåve. I dag manglar det rundt 1.000 helsearbeidarar i Møre og Romsdal i fylgje NAV si bedriftsundersøking. Det omfattar alt frå helsearbeidarar og legar til sjukepleiarar.

Stadig fleire kommunar opplever at dei kjemper hardare og hardare for å få nok «varme hender», men utan å lukkast. I ein situasjon der mangel på kompetent arbeidskraft rir store delar av norsk arbeidsliv, vil dette bli endå tøffare framover.

Vi løyser ikkje dette med pengar åleine.

Her må vi mobilisere ny teknologi, vurdere sentralisering av tenester, sjå på arbeidstidsordningane og oppgåvefordelinga mellom dei ulike profesjonane. Og vi må sjå til Fjord og Vanylven. Dei har full dose av desse utfordringane i dag.

Og kanskje også nokre av løysingane.