Vidaregåande skular i Møre og Romsdal kuttar til beinet. Større klasser, mindre gruppeundervisning og elevar som ikkje får undervisning når læraren deira er sjuk ligg på kuttlista til rektorar i heile fylket.

Det same gjer utdanningstilbod som er bygd opp over fleire år.

Budsjettkutta til Møre og Romsdal fylkeskommune syner no sitt sanne andlet. Rekninga for langvarig dårleg økonomisk styring, dyrtid og prioritering av kostbare samferdsletiltak må elevane i vidaregåande skule no betale.

Fleirtalet i fylkestinget trumfa gjennom sitt forslag til budsjett rett før jul i fjor, og trassa fylkeskommunedirektøren sine åtvaringar. Ho ville mellom anna leggje på ferjebilletten og innføre betaling også på gratisferjer for å unngå kutt i tenestetilbodet.

Politikarane nekta å vere med på dette.

Dessutan putta dei inn 50 millionar ekstra til asfaltering av fylkeskommunale vegar. Til saman utgjorde desse to grepa ein sum på over 100 millionar kroner, som må dekkjast inn på anna vis. Frå talarstolen i fylkestinget vart det hevda at dette kunne gjerast utan at tenestetilbodet ville verte svekka.

Det første kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken gjorde etter budsjettmøtet, var å gå i krisemøte med rektorane i fylket. Ikkje for å drøfte nye kutt, men for å få orden på gammalt overforbruk. Skulane hadde nemleg allereie eit betydeleg overforbruk for 2023.

Dette overforbruket må skulane dekkje inn i år. I seg sjølv var det krevjande.

Kuttet i 2024-budsjettet kjem på toppen av dette. Resultatet blir færre lærarar, bortimot null i vikarbudsjettet, raserte utdanningstilbod og ein fare for at lærings- og skulemiljøet kan verte sterkt svekka.

Politikarane må gjerne peike på fylkeskommunedirektøren, men dei kan ikkje krevje at ho skal trylle. Når dei vil ha billegare og gratis ferjer og meir til ny asfalt eller tilsvande, har dei gjort ei prioritering.

Det er altfor lettvint å seie at det skal kuttast i administrasjonen, utan å vurdere konsekvensane eller realismen.

Det er desse konsekvensane skulen og elevane ser no. I dei fleste skulane er dei administrative ressursane allereie kutta inn til beinet. Nye kutt vil i all hovudsak ramme undervisningspersonell. Ni av ti budsjettkroner i skulesektoren er lønskostnader.

Fylkestinget vil få fylkeskommunedirektøren si kuttliste på bordet att i april. Då er tre firedelar av budsjettåret gått, planane for neste skuleår er lagt og søknadsfristen for vidaregåande utdanning er ute.

Elevane får reise til skulen på nylagd asfalt og med gratis ferje.

Men læraren og skuletilbodet kan vere borte.