Sosiale medium har spreia seg utover heile verda, og er nokon av dei mest brukte appane vi har. Sosiale medium gjev oss tallause nye moglegheiter. Det gav oss fridomen til å gjere nesten kva som helst, kvar som helst. Men kor fri er vi eigentleg?

Fleire ungdomar sit over seks timar på mobilen kvar dag. Likevel høyrer eg stadig at ingen har tid til å vere med venar, gjere heimeoppgåvene sine, eller slappe av.

Alle er så slitne heile tida, og klarar ikkje å fokusere i timen eller lese ei bok. Ein får jo haugevis av informasjon pressa inn i hovudet i løpet av ein dag, ikkje rart alle er slitne

Gen Z, ungdomsgenerasjonen, er kjent for å vere mykje påverka av dårleg mental helse og sosiale medium. Mobilen gjev ikkje berre masse ny informasjon og tvinger deg til å samanlikne deg med alt og inkje. Det påverkar også hjernens funksjon meir direkte. Lyset frå mobilen er nemleg skadeleg, og gjer at produksjonen av melatonin minka. Dette svekkjer svevnen vår og gjer oss slitne, som ofte fører til depresjon og senka livskvalitet. Når har vi tenkt å byrja å leva?

Det er kanskje ikkje så enkelt å berre «byrja» å leva, men å ha det fint er ikkje alltid berre å vere underheldt. Scrolling av bilete frå andres liv, eller snapping med vennene sine er vanlegvis det første nokon gjer i eit ledig augeblikk no for tida. Kvar gong ein gjer dette blir det meir og meir automatisert, og for kvart Snap-varsel sleppast det ut litt dopamin. Dette er fordi menneske likar å bli ynskja av andre. Til slutt sit ein og ventar på varselet heile tida. Keisemd har også blitt noko heilt utenkeleg.

Men å keie seg er utruleg bra, og heilt naudsamt for å halde styr på informasjonen hjernen har teke med seg. Det er endå viktigare no som vi får så mykje info frå sosiale medium kvar dag. Sjølv når ein er med venar tek fleire opp mobilen, fordi ein ikkje har noko å prata om. «The usefulness of a cup is in its emptiness», skal Bruce Lee ha sagt. Sitatet kan også gjelde for å byggje relasjonar med nokon. Er det ikkje hyggjelegare det, enn å sitje på Snap med nokon mens ho som sit ved sida di blir ignorert? Det er soleis stadfest at alle burde vere heilt stille nokre gonger også. Når var sist du gjorde det? Kan du gjere det til dømes på bussen, på tur, eller når du ryddar? Mobilen vår har allereie erstatta klokka, kalkulatoren og kalenderen di. Ikkje la den erstatta familien din også.

Ikkje la alle de poserte bileta du sjår på Instagram erstatta alle dei fine augeblikka dine. Eig tinga dine, ikkje verta eigd av dei. Snakk med kvarandre for å gjere ting betre. Slik Mel Robbins sa: «Don't miss out on life just because you're too busy scrolling through someone else's».