Eg vil ikkje påstå at eg er sint, men eg må innrømme at eg av og til vert litt provosert. Det gjeld som overskrifta seier, problema vi har med ferjefrekvens og kapasitet her i Sande.

Vi har for tida to brukbare ferjer tilgjengeleg her, men på Fylkeshuset har dei vise bestemt at berre ei av dei skal brukast. Men så fekk vi lovnad om at reserveferja skulle starte i rute første april og gå ut året.

Dette med ut året vart finansiert med pengar frå oppgraderingsbudsjettet for ferjekaiene og grunngjeve med at den tida dei byggjer om på Larsnes, må ferja gå til Årvik. Dette medfører lenger tid, slik at frekvensen vert mykje dårlegare. Då må vi ha to ferjer i sambandet for at frekvensen skal vere akseptabel.

Men no har nokre «smartingar» på Fylkeshuset, funne ut at vi treng ikkje denne B-ruta før ut i juli! Det er her eg vert provosert.

Først så er det eit faktum at vi i utgangspunktet har ei av dei dårlegaste rutesambanda i landet når det gjeld frekvens. Gjennomsnitt to timar mellom kvar avgang frå kvar anløpsstad. Eg er også såpass oppe i åra at eg hugsar heile bilferjehistoria frå dette sambandet, og eg kan seie at eg er svært misfornøgd med måten dette sambandet har vorte behandla på gjennom heile historikken frå 1965, då sambandet vart opna for bilferje.

Vi har alltid fått dei dårlegaste ferjene som kunne oppdrivast. Einaste heiderlege unnataket var då vi fekk Voksa. Det var rett nok ei gamal ferje – «Romsdal» heitte ho før – men ho var fullrestaurert og i svært god stand. God sjøbåt var det også. Men ho vart dessverre for lita til slutt, så vi måtte få større kapasitet.

Etter det har vi vorte «avspiste» med gamalt sarv. Men «Kvam» og «Os» har etter kvart vorte så godt oppat-fiksa, mykje takka vere gode folk om bord etter at dei kom hit, som har greidd å forklare reiarlaget kor dårleg det eigentleg sto til om bord. Så no er desse to i fullgod stand. Men med dagens trafikk så har desse også vorte for små.

Tungtrafikken har vorte så stor at på mange ruter er det knapt nok plass til småbilar i det heile. Då er vi faktisk isolerte, utan mogelegheit å kome oss frå øya. Folk skal til doktoren, sjukehuset, tannlækjar med meir. Folk skal rekke fly eller andre ruter andre stadar.

Folk reiser ikkje berre for moro skuld. Det hadde vore morosamt å høyre nyheitene viss folk møtte eit fullstappa flytog frå Oslo og fekk beskjed om at neste tog går ikkje før om to timar. Eg humrar berre ved tanken.

Eg vil tru at våre eigne kommunepolitikarar gjer sitt beste for å påverke fylkeskommunen, men eg veit det eigentleg ikkje. Men det er uansett fylkeskommunen som har ansvaret for dette. Det er deira plikt å sørge for at alle innbyggarane i fylket har akseptabel infrastruktur.

Redaktøren i Vestlandsnytt skreiv i forge veke ein leiar der han lurte på om folket på fylkeshuset trengde vaksenopplæring. Eg trur han er inne på noko der.

No er strekken strekt så langt at den slitna snart. Eg vil føreslå at vi samlar oss i ein flokk folk og reiser til Fylkeshuset og «les dei teksta». Viss ikkje dette hjelpe må vi gjere som samane på Fosen: Lenke oss faste utanfor inngangen til huset slik at dei ikkje kjem seg inn og gjere meir ugagn.