I dag kan du høyra ungdom tala om at dei «jetta» noko, og «joina» noko anna. Og dette fell dei heilt naturleg, nett slik når eg fer frå skulen, og fer til bussen.

Kva er det med denne engelsken i norsk? Kvifor er det slik at det skal vera noko svært? Og kva er det med denne nye norsken?

I dag skal alt omsetjast, endrast, og skiftast ut til noko mindre støytande, og meir femnande, eller inkluderande, for det bør helst koma frå latin. Du veit ordet «rådmann», som har rota si i norrønt, og med alt for krenkande tone ovanfor kvinner, so det kunne me ikkje ha noko av. Då vart det mykje betre med den inkluderande tittelen «kommunedirektør», og lata norsk mål viskast ut.

For kven vil vel ha norsk? Ikkje offentlege organ, i alle fall. Det kan me sjå på det statlege selskapet; VY, som kjem frå fransk, og tyder «å sjå». Det er mykje betre det enn det gamle «Norges statsbaner», skipa i 1883, som knytte landet saman mellom aust og vest, og skulle endra landet for all framtid.

Nei, dette vart berre viska ut, og avløyst med det jålete ordet frå fransk, som skal få oss til å sjå framover, og ikkje tenkja på kvar me har vore, eller kvar me er no. Dette ordvalet vart dessutan klandra av Språkrådet, då dei endra namnet til VY. Alle desse endringane, verkar dei? Om målet er likestilling og omfamning, er det slik ein når det målet?

Eg lærde å skriva nynorsk på skulen, og det er eg glad for at eg fekk læra. Men målet er ikkje berre noko me skriv og talar, men òg ein arv, ein kulturarv. Det å erva handlar om å bera vidare, vidare til borna våre, slik foreldra våre gjorde ein gong.

Er ikkje norsken noko å bera vidare? Kulturarven er ikkje noko me berre skal brenna, eller? Set me pris på om nokon brenn ned ei stavkyrkje?

I protest mot anglifiseringa av norsk, skriv eg ein meir tradisjonell nynorsk, og det læt godt òg, tykkjer eg. No er jo dessutan Jon Fosse sterkt i vinden, sidan han fekk tildelt det gjævaste ein forfattar kan få i verda, Nobelprisen i litteratur, og dermed har òg nynorsken fått seg eit løft, men kor lengje vil det vara? Og kva hender med målet vårt om ungdommen «jetta» norsk, og «joina» engelsk? Vil norsk klara å overleva?