Det har visst ikkje dei kloke hovuda i kraftbransjen tenkt på, kjem det fram på NVE sin årlege konferanse for kraftselskapa, i oktober. Regjeringa si einsidige og bastante satsing på vêravhengig straumproduksjon bekymrar no NVE sine ekspertar, spesielt den astronomisk kostbare havvinden, omtala som «Det store havvindeventyret».

Viss det ikkje er nok effekt, vert det ikkje straum nok til alle når det trengst mest. Svære straumslukande etableringar (batterifabrikkar, datasenter, kryptoutvinning o.l.) krev sitt, og har gjerne langsiktige avtalar om gunstig pris.

Endar vi opp med rasjonering, som mykje tyder på, må kanskje bedrifter periodevis stanse produksjon. Til kva kostnad? Kva skjer når vêret, og ikkje behovet, bestemmer krafttilgangen? Dette misforholdet og dette problemet vil auke, til meir vi bygg ut av uregulerbar straum. Nettleiga vår må finansiere å ha kraftverk ståande som backupkapasitet, noko som vert svært kostbart.

NVE er djupt bekymra (velkomen etter!) over denne utviklinga, og spør forsamlinga av kraftprodusentar om dei har planar for å handtere situasjonar med ubalanse mellom forbruk og produksjon av straum. Nettavisen slår fast at forsamlinga, inklusivt Åslaug Haga, var forbausande stille! Det er ikkje til å tru!

Vindkraftmotstandarar har for lengst peika på dette problemet, som altså kraftbransjen så kraftig har underkommunisert! Og ein kan berre undre seg over kvifor desse alvorlege bekymringane til NVE ikkje skaper dei store overskriftene i media.

Svenske Markbygden ETT som visstnok er det største vindkraftsenteret i Europa og er kinesisk-eigd. Problemet for Markbygden ETT, som Hydro har gjort seg avhengig av, dreier seg nettopp om dette: rådyr balansekraft. No stiller sjølvaste NVE seg tvilande til vidare utbygging.

Den energipolitikken som vert ført no, tydelegvis uansett kostnad, betyr prestisje og profitt for eit mindretal, men den raserer naturen og økonomien i landet, med uante konsekvensar for framtida.