Og eg las med minst like stor interesse Ole Arild Bø sitt motsvar 19. oktober, om at den dalande oppslutninga bør uroe oss som arbeider med gudstenesta. Takk til begge to! Eg likar engasjementet!

Vi treng både å sjå dei positive sidene, og la oss oppmuntre av dei. Og at vi skal sjå på statistikken, som viser mange negative trendar for kyrkja. Vi som arbeider med førebuing og gjennomføring av gudstenestene, har ein jobb å gjere, der det ikkje må slurvast. Gode val av salmar er ein liten kjepphest for meg. Der er så mange flotte salmar som blir altfor lite brukte.

Eg er eigentleg pensjonist, men fordi prestemangelen er så stor, og fordi eg opplever tenesta svært meiningsfull, tek eg på meg vikaroppgåver. Men dei fleste søndagar er eg i kyrkjebenken. For dette må eg berre ha med meg. Det er ikkje rett helg utan gudsteneste. Eg vil bidra til at kyrkja er ein møtestad. Eg vil vere der, gratulere naboar som har barnedåp, og møte dei som har mista ein kjær, som kyrkjelyden skal minnast den søndagen.

Eg blir alltid oppmuntra av dei eg møter på gudsteneste. Og eg synes det er både leitt og litt uforståeleg kvifor det ikkje er fleire som kjem. Motkreftene er sterke. Den kulturelle vinden bles ein annan veg. Men det går jo an å segle, sjølv i motvind.

Eg har gjort meg eit par tankar om seglasen vidare. For det første, at vi som går i kyrkja, framsnakkar gudstenesta. Der er jammen mykje godt å seie om den saka! Sjølv på ein dag då kanskje preika gav lite, så har vi salmeskatten, bønene i liturgien, bibeltekstane som vekslar med kyrkjeåret, og har sin relevans for livet vi lever, fellesskapet ved nattverdbordet, møtet med mysteriet, praten ved kyrkjekaffien. Alt som løftar oss ut av kvardagen og gjev oss den gode helge-kjensla. Lat gudstenesta bli ein snakkis! Eg trur forbetringspotensialet vårt er stort på dette feltet.

For det andre, eg veit at nokon ikkje kjem til gudsteneste fordi dei ikkje har nokon å gå ilag med. Kva med at vi som går der, inviterer med oss nokon i kyrkja? At vi seier til folk at dei skulle unne seg sjølv den opplevinga av fellesskap som gudstenesta er. Mange strenger vibrerer. Eg spør, kva i tilværet vårt kan måle seg med opplevinga av ei god høgmesse?