Sidan ein får eit avgrensa tal teikn for å gje respons på eit innlegg, må svaret mitt til Fri og Aina M.H. Hauge på innlegget frå 7. november, konsentrere seg om det grunnleggande. Eg er historikar og tek kjelder alvorleg. Dersom Fri meiner at eg har påstått noko som ikkje er sant, så må dei kome med prov.

Problemet med at lesbiske no vert pressa til å sjå menn som sexpartnarar, oppstår på grunn av ideen om at kjønn er noko ein kan definere seg inn og ut av etter eigne kjensler. Då må menn som definerer seg som kvinner, kunne vere lesbiske, slik mange av desse mennene òg hevdar.

Diskusjonen gjeld altså ideen om flytande kjønn og dei konsekvensane han har i den verkelege verda. Ein kvar vaksen, og barn ned til seks år kan – dersom ein av foreldra samtykker – etter lova i Noreg skifte kjønn ved å fylle ut eit skjema. Dette er lovgjeving basert på kjensler og det er farleg.

Fri gjer eit poeng av at dette gjeld «juridisk kjønn». Men kva er skilnaden på juridisk og biologisk kjønn i røynda? Skal ein ha eitt kjønn i passet og eitt når ein er heime? Og når ein vert innlagt på sjukehus og heiter Karoline og «definerer» seg som kvinne, men er mann, kva skal legane gjere? Behandle den verkeleg kroppen, eller spele med i ein illusjon?

Det er ei fornærming mot folks intelligens å seie at barn vert «tildelt» kjønn ved fødselen. Kjønn er bestemt frå befruktninga. Det er òg ei grov fornærming mot kvinner og hevde at ein mann kan vere kvinne og mor. Sameleis er det ei fornærming å skrive «ho» om ein mann, slik media no tankelaust gjer. «Kjønnsuttrykk» er eit tøvete omgrep. Så langt eg veit har folk i Noreg lov til å kle seg og føre seg som dei vil, så kva skal ein med eit eige omgrep for slikt og attpåtil ha lovvern for det?

Å vere kvinne er ikkje ei klesdrakt. Iranske kvinner kan ikkje kome seg ut av undertrykkinga ved å «definere» seg som menn. Kjønn er binært og uforanderleg. Få Fri ut av norske skular og barnehagar!