11. september 2023 er historie. Vi har bak oss val til kommunestyre og fylkesting. I etterkant kan vi registrere glede, hos andre let det seg ikkje skjule at resultatet var skuffande. Slik vil det vere. «Til lags åt alle kan ingen gjera.» I vekene etter valet har konstitueringsdrøftingar prega nyhendebiletet. Fleire har her teke kraftig for seg av attraktive posisjonar. Slik er gjerne kvardagen for både politikarar og veljarar.

Eg stoppar der og vender meg til eit anna val denne hausten. Den Norske Kyrkja sitt val av sokneråd og bispedømeråd. I forkant av dette valet var media minimalt interessert i dette valet. Medlemmer av kyrkja viste ved sjølve valet også svært laber interesse. Pressa har kommentert valordninga, frammøte og ressursbruk knytt til kyrkjevalet. Mange vona at valdeltakinga skulle auke i samband med at ein denne gongen kunne røyste digitalt. Nei, ingen auke, i staden hamna vi på 8,9 prosent valdeltaking. Mindre enn kvar tiande medlem deltok såleis i dette valet. Det kostar å gjennomføre val – kyrkjevalet førte med seg ca 70 mill i direkte kostnader, samt mykje frivillig arbeid.

Eg reagerer sjølv på desse tala og tenkjer litt høgt:

  • Kyrkja bør finne fram til nye måtar å gjennomføre sine val på.

  • 70 mill. eller deler av dette kan med fordel nyttast til andre formål i kyrkja sitt arbeid.

  • Vala bør haldast åtskilde frå kommunale val.

  • Val til sokneråd: Digitalt + i kyrkja ein søndag (knytt til gudsteneste)

  • Bispedømeråd. Her bør ein nytte indirekte val – der sokneråda spelar ei viktig rolle.

  • Vi skal ikkje forlate demokratigrunnlaget for styringa av kyrkja.

  • Frimodig kyrkje har teke til orde for endra valopplegg.

Vi har dei seinaste vala i kyrkja hatt mellom 8 og 16,7 prosent deltaking. Det kan seiast at vi aldri kan samanlikne desse tala med frammøtet til offentlege val. Einskilde samanliknar gjerne vala i kyrkja med vala i ein lokal organisasjon, t.d. eit idrettslag eller historielag der årsmøta gjennomfører vala og alle medlemmer har møterett. Årsmøta er ikkje alltid dei fora der folk strøymer til!

Kyrkja kan nok kanskje vere nøgd med 10–15 prosent frammøte, men bør finne måtar å avvikle vala på som sparer pengar og er langt meir effektive. I år kosta kva stemme ca. 270 kr knytt til førnemnde 70 mill. Til ettertanke. Det er fire år til neste val, endringar bør vurderast og gjennomførast.