Slit du med å fokusere i timane? Då er du ikkje aleine, Ifølge Helsenorge.no fokuserer du betre etter du har våre i fysisk aktivitet.

Fleire ungdomar går ikkje på fritidsaktivitetar. Dette førar til at dei ikkje får dei 60 minutt fysisk aktivitet som er anbefalt for barn i alderen 6 -17år. To gymtimar i løpet av ei skuleveke er ikkje nok!

Fysisk aktivitet har og omgåande positive effektar på hjernen, noko som kan hjelpe til med å få gjort det enn skal. I Tillegg kan fysisk aktivitet redusere angst og depresjon og hjelpe mot betre søvn.

I dagens samfunn er det mange som slit både fysisk og psykisk. Det å aktivisere barn i skuletida vil derfor vere med å forbetre og førebyggje alvorlege lidingar. Difor tenker eg at vi må ha ei forandring i opplæringslova.

Så kjære utdanningsdepartement, ikkje tru at det viktigaste på skulen er berre å lære. For kroppen og helsa vår er like mykje verdt som kunnskapen vi lære på skulen.