Eg var der sjølv i år, og det var ei fantastisk oppleving. Kul musikk og god stemning. Faktisk kjøpte eg billett for 2024 med ein gong dei vart sluppen. Skuffelsen var derfor stor når Sunnmørsposten skreiv om at Jugend ikkje ville ha med ungdomar på arrangementet lenger. Dette er noko mange unge har gleda seg til.

Eg hadde spart pengar lenge, og jobba mykje for å få råd til å kjøpe billett. Mange av dei som ikkje fekk oppleve dette i år hadde gleda seg mykje, nokre har til å med gleda seg i fleire år. Denne beskjeden vart derfor ein stor skuffelse for alle under 18 som hadde tenkt seg på Jugend 2024.

Jugend har blitt til ein stor folkefest, og i dei seinare åra har tala på ungdomar under 18 auka. Sjølv om det er slik vel altså arrangørane å stenge oss ute. oss.

Momentium seier sjølv at dette vil medføre eit økonomisk tap. Det vil også vere eit tap for oss som er under 18. Greitt nok at dei lovar ein ungdomsvariant av ein slik fest, men det er ikkje det same. Eg meiner at dei over 18 får den store opplevinga, medan dei under 18 sitt igjen med restane. Kven vil vel eigentleg ha restane?

Eit av dei problema Momentium snakkar mest om er alkohol. Det kjem truleg ikkje til å vere stort mindre alkohol på ein slik konsert, men kanskje går føre seg det meir i det skjulte? Og korleis vil arrangørane eventuelt vareta dei yngste når vi får både hopping og «moshpits»?

Kan vi da eventuelt sette ei nedre aldersgrense på 14 år, slik at dette kan bli eit meir attraktivt arrangement og ikkje ein restefest?