Eg har mange gongar stilt meg sjølv spørsmålet om kvifor menneske som den einaste arten på kloden syns det er greitt «å skite i eige reir», eller rett og slett øydeleggje reiret, både sitt eige og alle andre sitt?

Er dette dumskap, egoisme, eller ei blanding? Og kvifor trur denne eine arten at det er vi som har rett til å tømme leveområda på kloden, som vi deler med tusenvis av andre artar, for ressursar?

Det som er enda meir ufatteleg er at av alle land i verda, er det kunnskapsbaserte Noreg og norske politikarar, som er av dei aller første som opnar for å «pløye» den blå åkeren, på leiting etter mineral dei kanskje ikkje finn, eller vi ikkje vil trenge i framtida, uvisse om konsekvensane dette vil kunne få.

I dei djupaste havområda våre finst det eit fantastisk dyreliv og natur som ikkje eksisterer nokon anna stad på kloden vår. No er denne unike naturen trua av øydeleggjande gruvedrift på havbotnen.

Gruvedrift på havbotnen kan øydelegge det sårbare og unike dyrelivet, og splitte opp samanhengande leveområde i djuphavet. Vi risikerer at enorme område av havbotnen i djuphavet vert øydelagt.

Inngrepa vil knuse opp havbotnen og slik føre til tap av artar og øydelegging av leveområde for artar vi kanskje enno ikkje kjenner. Potensielle framtidige viktige vitskapelege funn kan gå tapt for alltid.

Tap av artar og øydelegging av leveområde i djuphavet kan føre til mindre mat for fisk og anna liv. I tillegg kjem uante negative konsekvensar på dyrelivet frå støy, lys og støv.

Gruvedrifta kan endre utslepp frå varme skorsteinar til havet, og mengder med karbon som ligg lagra i sedimenta på havbotnen kan bli frigjort og føre til enorme utslepp av CO₂.

Havet er verd meir enn berre verdien av dei avgrensa ressursane det held. Dei langsiktige fordelane med et rikt og reint hav oppveg alle kortsiktige gevinstar frå gruvedrift i havet.

Havet er både «hjartet og lungene» til planeten og bidreg slik med to av tre andredrag til alt livet på jorda. Havet er sjølve drivkrafta og eksistensgrunnlaget til livet på kloden vår, og som ein av mine tidlegare elevar så klokt sa til meg ein gong, etter ein naturfagstime i 5. klasse: «Ikkje sant Ina at dersom vi øydelegg havet så øydelegg vi livet på jorda.»

Tenk om politikarane våre kunne forstå dette like klart og tydeleg som denne tiåringen! Men det er vel for mykje å håpe i ei tid då vi har politikarar i dette landet som ikkje synast å bry seg verken om faktagrunnlag, kjeldetilvising eller tjuveri av informasjon frå andre.

Heldigvis har EU-parlamentet vakna av dumskapen til politikarane her heime, og vedtok nyleg ein resolusjon med stort fleirtal, der det blir uttrykt sterk uro, mot Noregs opning av gruvedrift på havbotnen. 523 av parlamentet sine 751 representantar stemte for resolusjonen, medan 34 stemte imot.

I resolusjonen går EU-parlamentet også inn for eit internasjonalt moratorium, det vil ei mellombels utsetjing, av all gruvedrift på havbotnen.

Eg stiller meg saman ned EU-parlamentet i denne saka og brøler høgt: «Vakn opp politikarar, før det er for seint! Stopp galskapen, stopp gruvedrifta i havet!»