Når eg skriv nynorsk, er eg like lite nøytral som Monica Molvær (H) når ho skriv bokmål. Begge har gjort eit val mellom dei to jamstilte norske språka bokmål og nynorsk.

Det kommunestyret i Ålesund kunne og burde ha gjort, var å vedta å verte tospråkleg. Med respekt for begge språka, og til glede for Ragnar Bakken i Ørskog og Hans Kjetil Knutsen (Ålesundslista) i gamle Ålesund. Bruken kunne regulerast gjennom ein språkbruksplan. Vanskelegare er det ikkje, viss viljen er der.