Dagleg leiar Cecilie Rønstad Teunissen meiner at lova er utdatert og bør endrast slik at menn og kvinner kan bu saman. Artikkelen nemner òg at det har vore eit prosjekt i gang ved Romerike krisesenter der dei frå i fjor har hatt eit prøveprosjekt med mann og kvinner saman og at dei ikkje har hatt nokon problem med det. Eg trur dei ikkje.

Som vanleg med NRK og andre norske journalistar problematiserer dei ikkje dette og set det ikkje i samanheng med det som skjer verda over. Krisesenter-rørsla vart starta av feministar på 1970-talet og har vore ein av kvinnerørsla sine sigrar.

Endeleg kunne kvinner som før ikkje hadde nokon stad å vende seg, kome til ein trygg stad. Det er eit faktum at vald mot kvinner oftast kjem frå menn. Vald mot menn kjem som oftast frå andre menn.

Det betyr ikkje at alle menn er valdelege, men menn er likevel i overveldande grad utøvarar av fysisk vald. Dessutan er dei fysisk mykje sterkare enn kvinner og er berre av den grunn noko som kvinner alltid er på vakt mot.

Menn treng òg trygge stader, men dei treng dei ikkje av same grunn som kvinner. For alle med kjennskap til den verkelege verda, er dette eit innlysande faktum.

Det er nok å minne om at sidan år 2000 er 166 kvinner mot 18 menn drepne av partnaren sin i Norge. I Storbritannia vert tre kvinner drepne kvar einaste veke.

Men no er slike innlysande faktum ikkje lenger nok, for verda er blitt woke og kvinner vert meir og meir marginaliserte. No skal menn inn overalt på stader der kvinner er sårbare, frå toalett og garderobar til krisesenter. Og får dei det ikkje, kan dei identifisere seg som kvinner og få tilgang med lova i hand.

Innvandrarkvinner er prosentvis overrepresentert på norske krisesenter. Mange av dei har aldri vore nær innpå menn dei ikkje er i familie med. Kva med å ta omsyn til dei?

Mishandla og valdtekne kvinner – og barna deira – uansett etnisk bakgrunn, er ofte redde for menn etter kanskje år med vald. Kva med å ta omsyn til dei? Skal ikkje ein gong krisesenter vere ein stad som prioriterer kvinner?

Det er djupt nedslåande det som no skjer med kvinners rettar over heile Vesten. At det ofte er kvinner som står i spissen for å viske ut rettane våre og prioritere menn, er meir enn deprimerande.