No seier Knutsen at han burde moderert seg. Det vil den vidare debatten vise.

Utfordringa for den saklege debatten om Kvasnes er at den pågåande byggestoppen i sona Breivika til Larsgården ikkje blir kommentert. Knutsen med fleire later som om pålegga frå Statsforvaltar ikkje finst. Eller at dei kan omgjerast. Har dei snakka med Statsforvaltar? Satsar dei på at regjeringa skal gripe inn og fortelje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal at dei må omgjere sine pålegg?

Demokratiet er sårbart. Kristiansand kommune har hatt store utfordringar med debattklima dei siste fire-fem åra. Politisk redaktør i Fædrelandsvennen, Vidar Udjus fortalde under Arendalsveka at dei har brukt store ressursar dei siste åra til å overvake debatten i avisa sine kommentarfelt – for å tvinge debatten inn i eit sakleg spor.

Det er eit stort tap for lokalpolitikken i Ålesund dersom engasjerte folk trekk seg – eller takkar nei til å stå på lister fordi dei ikkje orkar den krasse tonen i debatten. Vi må ta vare på verdien av den saklege debatten! Taper vi den så misser vi styringa og vert eit lett bytte for særinteresser.

Så til pengebruken. Knutsen er oppteken av mitt pengeforbruk. Som om eg personleg brukar skattebetalarane sine pengar. Alle politikarar brukar innbyggarane sine pengar, men det skjer gjennom fleirtalsvedtak. Politiske vedtak har som oftast ei økonomisk side.

Det Knutsen og fleire med han ikkje seier noko om, er kor kostbart det er å gå i ring. Å ikkje komme vidare. Han nemner kollektivknutepunktet i sentrum som uttrykk for sløsing med skattebetalarane sine pengar.

Kollektivknutepunktet vart vedtatt først i områdeplanen for Sørsida rundt 2012, og deretter i prosjektlista for bypakken vedtatt i 2019. Byggesaka for kollektivknutepunktet er vel den saka som er grundigast behandla av alle saker i planutvalet dei siste fire åra, mellom anna med synfaring og skriftleg svar frå administrasjonen på ei mengd spørsmål. Så har fleirtalet gjort sitt vedtak – og det kallast demokrati.

Vår oppgåve som politikarar er å finne dei beste løysingane i fellesskap. På tvers av parti. Det er ikkje mogleg dersom debattklimaet vert øydelagt av personangrep.