I leiaren sin tirsdag 20. februar kjem Sunnmørsposten med ei breiside av dei sju sjeldne om den økonomiske situasjonen i fylkeskommunen, med påstand om at ei ekstrarekning for svindyre ferjer til næringslivet på 50 millionar liksom skulle redde det meste. Håplause livsfarlege vegar likeins, asfalt som kan berge liv vart brått ikkje så nøye. Fylket får lågare reell økonomisk ramme i 2024 enn 2023. Dette er sjølvsagt fordi fylkeskommunane har levd i sus og i dus med milliardar på bok. Dette har nok finansminister Trygve Vedum fått med seg.

Vi i FrP, Høgre, KrF og Venstre gjekk, slik vi skal, tenesteveg, og bad fylkeskommunedirektøren gjennomføre rasjonaliseringar på ikkje lovpålagde oppgåver som ikkje rammar tenesteproduksjonen. Fylkesadministrasjon gjer no det stikk motsette, og forsøker å skjule seg bak eit reglement om at den ikkje kan løfte ein finger utan politiske vedtak, men:

  • når fylkeskommunedirektøren bomma med 62,4 mill. kr på lønsreservepotten, var det brått enkelt å nytte hasteparagrafen og gjere fylkesutvalet om til fylkesting for å hente ut 45,7 mill. kr frå disposisjonsfondet.

  • å gjere det politikarane vedtek er steike vanskeleg.

Fylkeskommunedirektøren vil rett og slett ikkje, og har vist seg skremmande handlingslamma.

Kvifor har ikkje fylkeskommunedirektøren gjort det same no? Kvifor er ikkje hasteparagrafen brukt i januar for å kutte i alle hinsides unødvendige prosjekt, program osv. i staden for å gjere det verst mogleg for skulane? Det er sikkert fordi mange av desse prosjekta har stillingar på fylkeshuset. Kompetanse og næringsdirektøren spring så rundt på skulane og krisemaksimerer om store ekstrakutt utover eigne meirforbruk, sjølv om fylkeskommunedirektøren klinkande klart har fått beskjed om det stikk motsette.

Skulane kan ta det med ro. Når fylkeskommunedirektøren ikkje vil spele på lag med fleirtalet, får vi bruke nokre titals millionar ekstra frå disposisjonsfondet

Ingen har bede fylkeskommunedirektøren fyre opp skulane og fordele rasjonaliseringane etter «ostehøvel-prinsippet».

Dersom administrasjonen ikkje har tenkt å følge klare politiske styringssignal så har vi eit problem. Kva skal vi eigentleg med så mange stillingar i sentraladministrasjonen når den framstår så totalt handlingslamma? Det ser ut til at vi kan kutte svært mykje der.

Vi skal klare å gjere denne jobben og gjerne synleggjere dette ned på mikronivå om nødvendig i framtida.

Og, skulane kan ta det med ro. Når fylkeskommunedirektøren ikkje vil spele på lag med fleirtalet, så får vi bruke nokre titals millionar ekstra frå disposisjonsfondet, slik at det ikkje blir ytterlegare kutt innan skule dette året.

Så får Sunnmørsposten berre kose seg med å harselere med dei ferjereisande, næringslivet her i fylket som slit med skyhøge straum- og drivstoffprisar og skattar og avgifter – og slett ikkje trengde å få ei ekstrarekning på 50 mill. kr i høgare ferjeprisar. Eller med 50 millionar ekstra til asfalt som hindrar ulykker og reddar liv etter eit år med dei høgaste dødstala i trafikken her i landet på lenge.