Kanskje du synest overskrifta er litt dramatisk? Forvitring er nedbryting av for eksempel bergartar og mineral under på verknad av ytre krefter. Der er i dag sterke «ytre krefter» som undergrev det samfunns-fundamentet som tidlegare generasjonar bygde på og hegna om. Eg trur at overskrifta kan få stå.

Kva har då skjedd og kva skjer i dag?

Det var ei tid då de bad i kyrkjene i Normandie: «Frels oss frå nordmennenes tyranni» Folket vårt var på tokt der dei rana og drap for fote. Men det skulle kome ei ny tid. I 1024 samla Olav den Heilage til ting på Moster. Her vart den kristne bodskapen forma og sendt ut til folket. I Frostadtinglova var der teke med to avsnitt for kristen livsførsel. I år 996 stemde Olav Trygvason sunnmøringane til omframt ting på Dragseidet og bad dei ta ved kristendomen. Teologien var nok ikkje så klår i dei første hundreåra, men folket hadde fått eit anna fundament.

Tek vi eit stort steg inn i det 19. århundre så kom ein ny «reformasjon». Folkeskulelova som kom i 1889 var på mange måtar ei «kristendomslov». Barn og unge fekk opplæring i kristen tru. Underskrivne (1936-modell) har bore med seg mykje gjennom livet av det eg fekk med frå bibelsoge og salmeboka i barneskulen. Vidare fekk fråhaldssaka ei sentral plass i bygd og by.

Men i 1920-åra skulle kome nye tonar og haldningar. Nestleiar i Arbeidarpartiet, Professor Edvard Bull, skreiv: «Vi skal gjere skolen verdslig, liksom sykepleien og begravelsen og ekteskapet og fødselsregisteret. Vi skal slåss uforsonlig med den bestående lutherdom som andre fordummende sekter.» Vi må berre med sorg konstatere at dei ha vunne kampen. «I løpet av en drøy generasjon har vi gjennomgått en umerkelig, men radikal avkristning», skriv Finn Jor skriv i si bok «Kong Haralds nei».

I dag er kristendomsopplæringa praktisk tala teken ut av norsk skule. Vi merkar oss også at Gidion, som i 70 år har delt ut biblar mellom anna i skulen, no har blitt stoppa av undervisningsministeren. Vi finn også rektorar som vil stoppe elevane for å organisere kristne skulelag.

Det er fremja ei kjønns- og identitetsforvirring som også no får rom i skule og barnehage. Vår nye kulturminister vil no kjempe for å få innført det tredje kjønn i lovverket.

Eit nytt trekk i avkristninga er at det er fremja forslag i Forsvaret om at religiøse seremoniar skal vere livssynsopne. Det får støtte frå biskopen i Oslo. Lista kan gjerast lang for det som gjeld tiltak for å svekke kristen påverknad i Norge i dag. Korleis vil dette gå?

Kanskje dagen vil kome då det vil bli ulovleg offentleg å synge: «Gud signe vårt dyre fedreland» eller «Norske mann i hus og hytte, takk din store Gud.» Du kan lese om det romerske og hellenske rika kor det gjekk for dei når dei valde same vegen som Norge gjer i dag.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!