Eg vil peike på at Russland/Sovjetunionen i motsetning til eksempelvis USA, UK, Tyskland og Sverige, aldri har drepe menneske på norsk jord.

Det er faktafeil å påstå at Jens Stoltenberg er sjef for NATO. Han er generalsekretær, men ter seg som han sjef. Då han kalla saman medlemslanda for å få vedtatt flyforbodssone over Ukrainsk territorium, måtte han kome tomhendt attende til president Volodymyr Zelenskyj.

«Nato-sjefen Stoltenberg» sa ikkje gong på gong at han ikkje ville hjelpe, men tvert i mot gav han inntrykk av at NATO ville stå skulder ved skulder med Ukraina. President Zelenskyj fekk skeivt inntrykk av kva hjelp han kunne forvente. Våpen for blod er ein dårleg handel.

«Russiske styresmakter oppfører seg som rovdyr». Som alliert med USA bør vi vel ligge lavt. USA/NATO har sidan 1961 og fram til i dag, mykje godt kontinuerlig ført krig/proxykrig mot asiatiske utviklingsland og tapt dei alle. Vietnam aleine vart velsigna med 6 millionar tonn bomber. Gatebiletet i Vietnamesiske byar er den dag i dag prega av menneske invalidisert etter dette vanvittige amerikanske krigføringa.

USA er ikkje medlem av ICC, sjølvsagt fordi dei har så mange svin på skogen. Den mest kjende er My Lai der 347 forsvarslause var meia ned og kvinnene utsett for gjeng-valdtekt over ein lav sko.

26 soldatar vart sikta. Alle vart frikjende med unntak for løytnant William Calley, som vart dømd til livsvarig straffearbeid for drap på 22 verjelause menneske. På ordre frå president Nixon vart William Calley sluppen ut av fengslet etter to dagar. USA sitt sanne andlet? Faren til løytnant Calley sa: «Eg gav dei ein god gut og dei gjorde han til mordar!»

«Dei vågar ikkje å angripe der dei ikkje trur dei kan vinne». Kven gjer det? Hadde USA/NATO hatt aning om at dei etter 20 års krig i Afghanistan på ynkelig vis måtte bite i graset for ein gjeng fjellbønder, ville president G.W. Bush då invadert landet? Ville han ha følgt sin gud sitt råd?

«Russarane har lurt oss der i alle dei år». Kva prov har Vaksvik for slike hårreisande påstandar? Midtlinjeprinsippet er som namnet seier eit prinsipp og ikkje internasjonal juridisk lov. Stormakta Russland trong ikkje vike ein tomme, men var generøs nok til å til å gå med på ei kompromisslinje der begge partar gav om lag like mykje.

Historia fortel oss at til lenger ein krig varer, dess hardare lut vert tatt i bruk. Lat oss vone at denne øydeleggande krigen tek slutt før dei ukrainske byane ligg grusa. Diverre er det krigshissarar som vert heltar, ikkje fredsmeklarar. Ukraina er ein varm konflikt midt i ei kruttønne. NATO pøser uansvarleg bensin på bålet. Brannen kan når som helst slå ut i full krig. Aldri i mi tid har Europa hatt større trong for fredsmeklarar med erfaring, vett og forstand.