Eg var ein av dei som stod framfor inngangen til Ingebrigt Davik-huset, tysdag 13. februar, då det vart arrangert konferanse om temaet kraft. Eg ynskjer med dette å gi ei motstemme og dele tankane mine rundt dei drivkreftene som regjerer om kraftsituasjonen i Noreg.

Eg var ikkje påmeldt til konferansen, men eg beit meg likevel merke i ein uttale frå Erik Espeseth, som er konsernsjef i Tafjord kraft og er styremedlem i fleire kraftrelaterte selskap. Han sa at han skulle inn på konferansen for å tale varmt for vindkraftutbygging, og dette gjorde meg tankefull.

Dei skal ha takk dei som har bygt landet vårt, der kraft har vore ein vesentleg del av det. Eg veit at det har kosta og at mellom anna mykje natur har gått tapt i utviklinga, men no ser det ut til at vi ikkje har «magemål». No er det på høg tid at vi stansar opp og tenkjer over konsekvensane av «higeren» etter å stadig skulle ha meir, raskare og raskare.

Vi må verte meir medvitne på at vi «låner» plassen på jorda den stunda vi er her. Vi må i større grad tenkje over kva vi vil etterkomarane våre skal få ta del i på denne fantastiske jordkloden. Vi må slutte å tenkje kortsiktig, og i mange samanhengar rask forteneste.

Alt heng i hop i eit fint samspel i naturen. Om vi øydelegg dette samspelet, vil det om kort tid ikkje vere eksistensgrunnlag for menneske og dyr på jorda. Er det det vi vil?

Mange med meg kjem med ytringar om at det grøne skiftet ikkje er så grønt likevel, men i mange tilfelle heller det motsette. For meg verkar det grøne skiftet som at det har blitt meir som eit satsingsområde for dei som vi tene pengar på ein feilslått politikk. «Fornybar Norge», med Åslaug Haga i spissen, er ein av ambassadørane for det såkalla grøne skiftet.

Ønsket mitt er at dei som ropar høgast for å få nok kraft og for å redde klimaet, også fortel realitetane om kor lite grøn denne omstillinga verkeleg er.

Noreg skal no satse på havvind, landvind og solceller, vert vi fortalt. Denne elkrafta har blitt ei handelsvare som vi sel og kjøper, alt etter pris og forteneste. Vasskrafta, som har vore den stabile krafta vår i mange år, opererer no som balansekraft for desse ustabile energikjeldene.

Vi veit at når det ikkje bles, så vil vindturbinar ikkje produsere kraft, likeins vil ikkje solcellene produsere kraft når det er mørkt. Då er vi avhengige av balansekraft, vatn i magasina.

Kva skjer då når det er tomt i vassmagasina våre? Enten på grunn av sal av kraft eller fordi det naturleg er lite vatn i magasina, som det alltid er tidleg på våren. Kva gjer vi då? Noreg blir då avhengig av å importere kraft. Dette kan føre til fleire store naturinngrep med naturtap. I tillegg er dette svært kostbart.

No er det verkeleg på tide å lage ein langsiktig plan og slutte med forhasta og kortsiktige avgjersler, der ein legg til rette for spekulantar. Vi må stoppe naturinngrepa og heller forvalte dei felles verdiane våre på ein gjennomtenkt og varsam måte.

Kvar og ein må medverke ved å redusere forbruket sitt. Vi må vere fornøgde med «godt nok» og ikkje jage etter «meir og meir». Vi må stå samla for å gjere jorda til ein god plass for oss som lever no og for dei neste generasjonane.