Eg brukar å vakne til ringeklokka mi kl. 07.00, da må eg ev. dusje, ete frukost og stelle meg før eg må dra meg sjølv av garde til skulen kvar einaste dag. For meg er det greitt, men av og til kan det bli veldig slitsamt eller travelt å stå opp så tidleg.

Forskarane har forska på når elevar skal starte på skulen. For nokre år sidan vedtok skulemyndigheitene i Seattle i USA at skuledagen skulle starte 08.45 i staden for 07.50. Då såg forskarar sitt snitt til å studere kva for effektar ei slik endring ville få. Dei fann tidleg ut at når elevane ikkje fer den søvnen dei treng, så kan det påverke skuledagen deira veldig negativt.

Forskarane fann ut at både ungdomsskule- og vidaregåandeelevar sov lengre når skuledagen starta seinare. Dei eldste elevane dei forska på sov nesten ein time lenger. Ifølgje forsking.no så seier forskarar «For å oppnå den anbefalte søvnlengda for ungdom på 8–9 timar per natt, burde dei gått til sengs kl. 22 på kvelden.» Begge elevgruppene forskarane i USA studerte kom seg tidlegare opp i helgane. Dei fekk betre karakterar og færre studentar svarte at dei var for trøytte til å gjere lekser i forhold til når dei ikkje fekk den søvnen dei trengde.

Seinare skulestart kan også redde liv. Du kan til dømes samanlikne ein tenåring på veg til skulen med ein vaksen som har stått opp klokka tre på natta. Står ungdommane opp og går direkte ut og sett seg bak rattet, så kan det bli veldig farleg. Til Forskning.no seier Judith Owens, nevrolog på Harvard og direktør for søvnmedisin på Boston Children’s Hospital i USA, at «Søvnige sjåførar er eit stort problem blant tenåringar. Søvnigheit bak rattet påverkar merksemda meir enn alkohol».

Men her er framleis argument imot å starte skoledagen seinare. Skulen startar tidleg fordi det er praktisk at skulen held same rytme som samfunnet elles. Dei fleste vaksne jobbar frå morgon til ettermiddag, og da er det også greitt at ungane er opptatt i nokolunde same tidsrom.

Til Utdanningsnytt seier forskingsleiar Lisa J. Meltzer ved National Jewish Health-Tilstrekkeleg søvn går hand i hand med betre humør, betre kognitive evner og betre resultat på skulen». Denne undersøkinga støttar opp om annan forsking som viser det same: å flytte på tidspunktet for når skuleklokka ringer, fører til betre søvn for ungdommar», supplerer David Fagan ved Cohen Children’s Medical Center i New York.

Mi meining, kort summert, er at ungdommar bør starte første skule time minst ein time seinare enn det vi gjer i dag, slik vi får betre og meir søvn. Når vi får bra med søvn så blir kvardagen mykje enklare for oss elevane, og kanskje til og med for dei vaksne.