I over hundre år har det gått passasjerbåt eller ferje mellom Hamnsund og Ålesund. Sjøvegen er snaraste vegen og no er det forslag om innsparing, der dei tek vekk dette viktige og effektive sambandet.

Haram Arbeidarparti står urokkeleg på for å halde oppe hurtigbåtsambandet 1149 Ålesund-Valderøya-Store Kalvøy-Hamnsund. Sambandet er ei livline som er uvurderleg for arbeidsmarknaden i regionen, og for kvardagen til pendlarane og studentar/skuleelevar.

Framover blir vi stadig blir meir avhengige av kollektivtransport for å fremje berekraftige reisevanar, og for å minske forureining langs Brusdalsvatnet og trafikkork inn mot Ålesund sentrum. Derfor ser vi på dette tilbodet også som kritisk for å styrkje lokal næringsverksemd og samfunnsutvikling.

Næringslivet, særleg innan maritime og marine sektorar, blømer grunna effektiv transport, som lokkar arbeidskraft frå breie område, bidreg til regional vekst og støttar lokal busetnad.

Det er avgjerande å verdsette den strategiske verdien av hurtigbåtsambandet – ikkje berre som ein transportmåte, men som eit ledd i ein større visjon for regionen si framtidige vekst og utvikling. Opp gjennom åra har sambandet jamleg blitt oppgradert til det betre. Før tok det 50 minutt med rutebåt – no tek turen 12–15 minutt.

Det nye hurtigbåttilbodet har vist seg å vere ein suksess. Der er auke i pendlartala samanlikna med tidlegare år, noko som understrekar behovet for å gje det tid og støtte til å realisere sitt fulle potensial.

Vi oppmodar til ei grundig vurdering av dei samfunnsmessige konsekvensane før eventuelle endringar blir gjort, for å sikre at vi ikkje undergrev regionen si evne til å tiltrekke seg og behalde verdifull arbeidskraft og oppretthalde Haram og Ålesund som ein attraktiv stad å bu og arbeide.

Med å behalde hurtigbåtruta, som etter kvart kanskje går på straum, har ein mange føremoner:

  • Kortare pendlarveg begge vegar for arbeidarar og studentar

  • Viktig del av infrastruktur på nordre Sunnmøre

  • Unngår å auke trafikkbelastning/forureining langs Brusdalsvatnet inn til Ålesund.

  • Hurtigbåt vil på sikt vere meir berekraftig enn å skalere opp biltransport og buss.

  • Kortaste vegen mellom Harøy og Ålesund er via hurtigbåtsambandet

  • Hurtigbåten styrkar dynamikken i den lokale arbeidsmarknaden

  • Ellingsøysambandet blir avlasta – sidan flypassasjerar kan reise med hurtigbåt til Valderøya

Hurtigbåtsambandet 1149 Ålesund-Valderøya-Store Kalvøy-Hamnsund er lønsamt å behalde.

På vegner av styret og kommunestyregruppa i Haram Arbeidarparti.