Ein blir lei og demotivert over og ikkje bli tatt på alvor. Over ei lengre tidsperiode har det vore kraftige signal om at lønnsemda i landbruket er for låg. Det har vore ei stor avskaling av talet på bruk i drift. Sjølvforsyningsgraden i Noreg går stadig nedover, medan importen går oppover. Bonden har fått høgare arbeidspress med auka krav til effektivitet, dyrevelferd og HMS. På grunn av låg forteneste må mange ut i anna arbeid for å hente inn inntekt, dette trass i at ein driv jorda til fleire gardar og har fleire dyr enn tidlegare. Landbruket er i stor grad styrt av rein idealisme. Kvifor er det slik?

Noreg er eit av landa i verda som har dei strengaste krava til dyrevelferd og matsikkerheit. Vi er det landet i Europa som brukar minst antibiotika i husdyrproduksjon. Dyr som er ute på beite har ein veldig positiv effekt på å halde kulturlandskapet vårt i hevd. Ein ser allereie at på grunn av at husdyrproduksjonen i Noreg har gått ned, så gror store delar av kulturlandskapet igjen. I Noreg er det ein klimaeffektiv husdyrproduksjon. Kvifor skal vi då importere meir mat, og kutte ned på den norskproduserte maten? Import fører til høgare klimautslepp på grunn av transport av store mengder mat som vi kunne produsert sjølve. Kvart årsverk i landbruket skapar ein til to arbeidsplassar i andre tilstøytande verksemder.

Det har vore ein ekstrem kostnadsvekst i landbruket. I løpet av dei siste åra har maskinkostnadane gått betydeleg oppover. I tillegg til dette har det blitt ei ekstrem kostnadsauke på innsatsfaktorar og byggekostnadar. Dette har ført til at mange bønder har utfordringar med likviditeten. Der er ikkje pengar til å betale rekningane.

I 2019 var sjølvforsyningsgraden på 34 prosent på jordbruksprodukt i Noreg, dette er alvorleg lågt. Om ikkje økonomien i landbruket betrar seg så blir situasjonen verre. I løpet av 2034 skal all storfe som står på bås over til lausdrift, medan det allereie tiltrer strengare krav i 2024. Dette betyr at det er mange fjøs som enten må byggast om eller byggast nytt for at det framleis skal vere drift. Investeringane er kostnadskrevjande og det må vere lønnsemd i botn for at dette skal vere gjennomførbart. Dei to siste åra har vore prega av pandemi som har ført til stor etterspørsel og mangel på fleire varer på verdsmarknaden. At det no er krig i Ukraina har ikkje gjort situasjonen noko betre. Russland og Ukraina er av dei største kveiteprodusentane i verda. No sit vi her med hua i handa og har ikkje ein gong beredskapslager for korn.

Det er pinleg at Norge som i 2021 scora som det tredje rikaste landet i verda, ikkje skal ha råd til å produsere og prioritere matproduksjon. Det er varsla ei stor matkrise i verda. Kva skal Norge gjere? Halde fram med å importere ifrå land som sårt treng maten sjølve? Ta frå dei fattige og gi til dei rike?

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!