Dette er berre nitrist. Har verkeleg ikkje statskringkastaren plass til eit Gudsord på morgonkvisten i radioen sin hovudkanal? Eg har i årevis hatt glede av å høyre på vår lokale distriktssending om morgonen. Men no får eg ein grunn mindre til å lytte på NRK P1.

Noko anna som NRK har funne rikeleg med plass til i dei seinare år, er bannskap. Til og med programleiarar «krydrar» språket med bannord. Særleg har det tatt heilt av med utbrotet «Herregud!». Ja, det blir stadig teksta nettopp på denne måten, og ikkje «Herre Gud», som er ei bøn. Dette er språkleg søppel. Det er brot på det andre bodordet, «Du skal ikkje misbruka Guds namn». Vi har ikkje bruk for slikt språk, i alle fall i vårt hus. Vi greier oss svært godt utan.

Eg har eit godt råd til lesarane av dette innlegget. Rådet er heilt gratis: Slå av program med bannskap, eller skift kanal, og gjer det straks. Der er nok anna å sjå og høyre på i media. Eg har i årevis praktisert å slå av program med banning, og eg har erfart at det fungerer glimrande. Men eg har aldri protestert til NRK eller andre mediebedrifter. Det burde eg ha gjort. Eg vil tru at fleire lyttarar og sjåarar gjer som meg. Og vi bør seie ifrå. No har eg gjort det.