I sitt siste lesarinnlegg svara Elias Vågnes med eit angrep på vår kristne Gud, framfor å svare på om han kan nemne ein einaste religion som har Jesus sin bodskap: «Elska fiendane dykkar og bed for dei som forfylgjer dykk, så de kan vera born åt far dykkar i himmelen». Eg har tidlegare, forstått deg slik at du set Jesus og hans bodskap høgt, men Gud har du ikkje så stor tru på. Du kalla Gud ein «sonemordar». Det er eit vrengebilde av den Gud Jesus syner oss. Ein god Far som elskar syndaren, men «hatar» synda – fordi synda øydelegg livet for hans kjære born og skapar «helvete» på jorda. «Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døme verda, men for at verda skulle verte frelst ved han».

Du skriv at for deg verka Joh 3.16 absurd: «For så elska Gud verda at han gav sonen sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv». For dei som ikkje trur på ein levande skapar-Gud verkar dette absurd. Det kan eg forstå. For oss som trur på ein levande skaper-Gud er dette meiningsfullt. Korleis livet vart til og kva som vil skjer etter døden veit ingen av oss, men kva som skjer i livet på jorda kan vi vite noko om. Kunnskapen har kome langt i vår tid når det gjeld det fysiske livet. Kanskje for langt?

Forureining og atombomba truer livsgrunnlaget vårt. «Det er ånda som styrer handa som trykker på atomknappen» Alt vi menneske rår over kan vi bruke til godt eller vondt. Er der noko som – ER – Gud-gitt godt og vondt – eller kan vi gjere som vi sjølve vil? Jesus sa til Pilatus: «Mitt rike er ikkje av denne verda». Jesus rike er ikkje eit fysiske rike, men eit åndeleg rike. Kva med ånda som styrer handa?

Eg trur at dei ti boda som Gud gav til Moses sei kva som er godt og vondt for oss menneske. Dei har vore grunnvollen i det norske samfunnet i ca. 1000 år. I vår tid er vi i ferd med å sette menneske-bod over Gud sine ti bod. Eg er overtydd om at det vil gradvis øydelegge liva våre og samfunnet vårt! Eg åtvarar mot dei gudlause som har berre menneske-bod og respekterer ikkje Guds bod. Elias Vågnes åtvarar mot dei religiøse som tek Gud sin plass på domar-setet og dømer sin neste til helvete. Begge deler er to farlege grøfter som tar livssyns-fridomen frå oss.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!