I 12 år har Arbeidarpartiet styrt Møre og Romsdal fylkeskommune, og Line Hoem har som fylkesordførar medansvar for at dei vidaregåande skulane no går med heile 52 millionar kroner i underskot i 2023.

Det er merkeleg kor raskt Ap liksom har «snudd» her i fylket, og brått no har meir pengar til absolutt alt.

Brått no skal Ap prioritere vidaregåande skular. Få såg noko av dette då Ap styrte fylket, der om lag 100 millionar kroner er kutta dei siste åra i vidaregåande skular mot Frp sine stemmer.

Vi skuldar ikkje på andre, berre stadfestar det faktum at vidaregåande skular har vore «sveltefora» lenge her i fylket, noko vi i Frp har kjempa imot kvar eit einaste år.

No har ikkje Frp, Høgre, KrF eller Venstre kutta ei krone til vidaregåande skular i 2024, med bakgrunn i at vårt budsjett rett og slett ikkje har blitt gjennomført av fylkesadministrasjonen.

Vi må alle i fylkestinget i april rydde opp i rotet ikring økonomien til vidaregåande skular. Dette er «arva etter 12 år med Ap i praksis» som vi no ser resultatet av.

Line Hoem og resten av Ap gruppa på fylket kan bruke tida si inn mot eiga regjering, som faktisk har gjeve Møre og Romsdal fylke lågare ramme i 2024 enn for 2023.

Dette er Ap i praksis i regjering også, sveltefora fylka for så å kritisere at pengar ikkje blir brukt.

Derfor må det rasjonaliseringar til, og dette må på plass i apriltinget, med bakgrunn i at det ser ut til å vere svært så vanskeleg å få dette på plass utan betydeleg detaljstyring.

Eg kan love at eg og resten av Frp skal gjere det vi kan for å rydde opp etter Ap og Sp her i fylket, men jammen får Line Hoem som også har vore fylkesordførar ta sitt ansvar for den økonomiske situasjonen fylket faktisk er i.

Dette gjeld sjølvsagt ikkje nokre kilometer med asfalt eller ei, men årevis ned sløseri av skattebetalarane sine pengar på prosjekt, program, vanvettige selskap som Fylkeshuset As og berekraft ditt og datt. Millionane har flagra og dette har vi begynt å rydde opp i.

Her er nok å ta av, men det går nok meir enn 2 månader i drift av det nye fleirtalet før vi får skuta på rett kjøl igjen.