I Sunnmørsposten er gruppeleiar Frank Sve såra og vonbroten fordi Sunnmørsposten har påpeika dette, og berre referert det som rektorar, lærarar, foreldre og elevar har gitt beskjed om med både ute- og innestemme sidan desember.

I staden går Sve til frontalangrep på alle andre som ikkje har forstått intensjonen til fleirtalspartia.

Allereie då Sve på ein nøye regissert pressekonferanse 13 november, kom Frp, H, V og KrF med desse budsjettkutta, og vi i Arbeidarpartiet åtvara sterkt mot prioriteringa av ulike samferdselstiltak på kostnad av barn og unge i Møre og Romsdal.

Arbeidarpartiet kom difor med eit alternativ budsjettforslag i desember der ein hadde unngått å kutte 2,7 prosent til utdanning som er løysinga til Sve og co. I vårt budsjettforslag auka Arbeidarpartiet overføringane med 30 million utover fylkeskommunedirektøren forslag.

Det utgjer ein skilnad på 62 million kroner frå budsjettframlegget til Sve og co.

Sve hevdar at det ikkje skal gå utover skulane og elevane, men budsjettvedtaket deira har ein annan ordlyd, og vi siterer: «Rasjonaliseringa skal i minst mogleg grad føre til kutt i tenesteproduksjonen» Det kan tolkast som blant anna fleire elevar i same klasse, færre programtilbod, redusert bibliotekfunksjon og it-støtte.

Vi har berre eit råd til Sve og co. Det er ingen skam å snu

Møre og Romsdal har den høgste gjennomføringa i vidaregåande skulen i landet, men for Arbeidarpartiet er ikkje dette nok. Mens Frp, H, Vo g og KrF ikkje klarer å ha ei tydeleg retning, gav vi signal om at vi ville styrke laget rundt elevane slik at fleire meistrar og fullfører skuleløpet.

Det hjelp ikkje med fem mil svart asfalt dersom vi får auka utanforskap blant barn og unge.

Eg ser at til og med Sve har innsett at utdanningssektoren får for lite pengar og at vi kan «bruke nokre titals millionar frå disposisjonsfondet, slik at det ikkje blir ytterlegare kutt innan skule dette året».

Problemet er at Møre og Romsdal har det lågaste fondet (reservekontoen) i landet, og i samferdselsutvalet 31. januar vedtok fleirtalet å bruke av fondet til auka ferjedrift.

Arbeidarpartiet støtta også auka ferjedrift, men vi ville at ein skulle finansiere dette innan samferdselsområdet og ikkje bruke sparepengane.

Berre SV støtta Arbeidarpartiet sitt forslag.

Vi i Arbeidarpartiet ser fram til behandlinga av ulike sparetiltak i apriltinget, og vi skal vere konstruktive. Vi har berre eit råd til Sve og co. Det er ingen skam å snu, men for Arbeidarpartiet er det ikkje aktuelt å vere med på tiltak der svart asfalt går utover 9.000 elevar i vidaregåande skule.