Bypakke Ålesund jobbar for at sentrum skal vere ein god plass å vere og ein god plass å kome seg fram for folk i bil, i buss, på sykkel og til fots. Ålesund skal vere for bilar og Ålesund skal vere for folk. Vi leitar etter vinn-vinn-situasjonane der det blir best mogleg for alle grupper.

Og vi gjer det ikkje åleine. Tiltaka i Bypakke Ålesund kjem ikkje frå synsing eller nytilsette ekspertar, men i samspel med lokalkjende byfolk, fagfolk og datasimulering.

Betre trafikkflyt

Store mengder data frå 13 ulike trafikkteljepunkt er bakgrunnen for ein avansert trafikkmodell i sentrum som simulerer trafikk gjennom heile døgnet og i ulike situasjonar. I tillegg inkluderer modellen statistikk over arbeidsplassar og befolkning. Slik får vi nesten eit dataspel der vi kan teste konsekvensane av tiltak og finne ei løysing slik at det blir lett for alle å kome seg fram i sentrum.

Dette kombinerer vi med til dels omfattande medverknadsprosessar slik at vi får innspel frå dei som bruker byen.

Ein ettertrakta by

Ved å rydde opp og omorganisere er målet å gjere det betre i byen for alle brukargrupper også når det framover blir fleire som bur i byen og folk har nye og andre krav til korleis ein by skal vere. Byen skal framleis vere bra for dei som må bruke bil, men vi skal også ha ein bra by for dei som ikkje har bil eller sertifikat og for dei som ønsker å ta buss, sykle eller ta beina fatt.

Store asfalt-flater er fortidas by. Framtida vil ha ein by for alle typar trafikantar. At det i tillegg blir ein grønare og finare by er sjølvsagt ein hyggeleg biverknad. Store, framtidsretta byutviklingsprosjekt andre stader i Norge fortel oss om ein ny måte å tenke by på, og aktiviteten dei områda fortel at dette også gir ein ettertrakta by.

Det er det vi ønskjer for Ålesund: At vi skal vere ein endå meir ettertrakta og attraktiv by. Ikkje berre for bilistane, ikkje berre for fotgjengarar, syklistar eller busspassasjerar. For alle.