Generalsekretæren i FN klarte å seie at terroren ikkje skjedde i eit vakuum. Vi får då inntrykk av at det var ei forståeleg handling, gitt føresetnadene.

Israel er eit lite land på storleik med Troms fylke. Det er berre ein jødisk nasjonen, men det finst ca. 20 arabiske nasjonar. Det blir sagt at Israel er eit framandelement i Midt-Austen, men både historiske skrifter og arkeologiske utgravingar stadfestar at dei har fleire tusenårs tilknyting til området.

Etter mi meining er kjerneproblemet for arabarane at Israel er ein jødisk stat. Dei palestinsk-arabisk styrte områda, er jødereine. I dei jødereine områda er hatet mot jødane ekstremt stort. Dette kan Noreg ha vore med på å finansiere gjennom støtte til skulebøker fulle av jødehat, terrorløn til dei som drep jødar, eit gedigent tunnelsystem for terror mot Israel og dei styrande si nepotisme av det som skulle løfte og utvikle folket i området. Noreg kan også vere direkte ansvarlege gjennom å ha pressa Israel til å ta inn 20.000 arbeidarar frå Gaza. Desse kartla områda i Sør-Israel for terroraksjonen.

Terroristane som på siste festdag i Sukkot-veka, dagen til glede over Guds lov, strøymde inn i Sør-Israel, synte ei bestialsk glede over å drepe sivile jødar. Dette er ikkje rart i og med glorifiseringa av drap på jødar og på jihad. Dei har sjølve dokumentert eigne gjerningar. Ettertida kan ikkje bortforklare at det har skjedd. Det er avskyeleg at terroren vart feira både på Vestbreidda og i Gaza. For å gjere stoda endå verre, utlyste dei palestinske styresmaktene på Vestbreidda eit råd om at moskeane den 13.10. burde forkynne død over alle jødar ved Haditen som også er omtalt i Hamas Charter Artikkel 7. Altså alle jødar, overalt!

Går ein så til pro-palestinske demonstrasjonar, høyrer ein ropet: «From the river to the sea, Palestine shall be free!». Dette er heilt i tråd med kart som Hamas og Fatah opererer med. Israel eksisterer ikkje på kart i deira område. Dette er eit direkte ønskje om folkemord på jødar, og det gir Israel rett til å fjerne Hamas. Elles er dei lova meir terror.

Vi bør stå opp for Israel! Det er eit land i eksistensiell krise. Det er ikkje tid for å halde fram med to standardar. Ein for Israel, og ein for alle andre land. Dette syner seg også i stilla som har vore kring gislane. Hugs dette er barn som har sett foreldre bli drepne på bestialsk vis, jenter som har blitt gjeng-valdtekne midt mellom døde vennar! Er stilla grunna i at dei er frå Israel?