Kvotemeldinga som regjeringa la fram i januar har i stor grad fått god mottaking hos fiskerinæringa. Den svarer ut fleire tilhøve som lenge har vore uavklarte. Nærings- og fiskeridepartementet skal ha ros for dette.

Fiskerinæringa i Giske kommune, som består av alle typar fartøy, både havgåande trål, autoline, stor kyst og kystfartøy, utgjer ein av dei viktigaste drivarane for næring og livsgrunnlag i vår kommune. I ei konjunkturutsett næring der fiskerigrunnlaget har store svingingar, er stabilitetslinja i dei politiske rammene avgjerande for at næringa skal tiltrekke seg folk og investeringar.

På dette punktet sviktar regjeringa med sitt framlegg.

Kvotemeldinga legg opp til ei endring i ressursfordelinga. Dette rokkar ved stabilitetslinja som har lagt fast med brei politisk oppslutning. Kystfiskaren og havfiskaren, både i nord og sør, er like mykje verdt. Dessverre blir det ikkje lengre slik dersom ressursoverføringa går gjennom som foreslått.

Fiskarane i havfiskeflåten vert taparane, og det vil gi negative ringverknadar i kystsamfunna. I Giske har vi meir enn 500 sjøfolk i fiskeflåten, og 900 arbeidsplassar direkte knytt til den havgåande flåten. Kvar fjerde trålar i Norge har heimehamn i vår kommune.

Havfiskaren er også ein del av busetnaden langs kysten, og fisken dei leverer skapar heilårlege arbeidsplassar langs kysten, også i den delen av året der kystfisket er avgrensa. Struktureringa har gjort det mogleg å investere i sikrare og betre båtar, og har vore avgjerande for at Norge i dag står fram som ein av verdas fremste fiskerinasjonar. Dette må vi ta vare på vidare, og ikkje reversere.

Vi vil at dagens ressursfordeling blir ståande som den er, dette har solid oppslutning i fiskeriorganisasjonane, og det er eit resultat av langt og grundig arbeid.

På vegner av eit samla Giske formannskap.