Arvid Helle fortel at kyrkjestatistikken viser at der i gjennomsnitt var 132 personar til stades på gudstenestene i Herøy kyrkje i 2022. Bispekontoret sin statistikk er rett. (Det skulle berre mangle!) Men Arvid Helle brukar statistikken feil. (Han er ikkje åleine om det!) Gjennomsnittsgudstenester finst knapt. Talet 132 er snittet av frammøtte på julegudstenester, konfirmasjonsgudstenester, 17. mai-gudstenester, «Mi kyrkjebok»-gudstenester o.l., og vanlege gudstenester.

Når eg seier at der er berre halvparten så mange på ei vanleg gudsteneste, så seier Helle at det er feil. Nei, det er rett. Eg har vore på dei fleste gudstenestene i Herøy kyrkje dei siste 10–15 åra, og eg kan telje.

Statistikk kan brukast til mykje. Bispekontor og kyrkjekontor over heile landet har i årevis brukt gjennomsnittleg gudstenesteframmøte for alt det er verd. Desse tala viser at kyrkja framleis har draget på dei mange i spesielle høve. Men tala skjuler at oppmøtet på vanlege gudstenester i dei fleste kyrkjene i Norge er katastrofalt dårleg.

Dei kyrkjeansvarlege bortforklarar at tilbodet på ei vanleg gudsteneste søndag føremiddag er for dei ytst få. Skal vi greie å gjere noko med dette, må vi ta det inn over oss. Vi må slutte med bortforklaringane.

Sist søndag var eg på «Syng med oss» i Herøy kyrkje. Eg møtte, som vanleg, fem minutt før, og rekna med å finne plassen min til høgre på sjuande benken. Sjuande benken var oppteken! Eg måtte leite for å finne ein ledig plass, og hamna bakarst på galleriet. Kyrkja var full!

Helge på trekkspel, Nærø-karane på gitar og «Pit» på trommer drog i gong herleg allsong, Elise med nydeleg solosong og blandakoret med mektig sunnmørsk korsong hausta ståande trampeklapp og ein sjømannsprest hadde teke med seg sjømannskyrkjekulturen til Ytre Søre Sunnmøre. Dette var relevant for herøyværingane, og difor møtte dei opp, i hopetal.

Ja men, dette var jo ikkje ei gudsteneste? Jo, dette var ei gudsteneste, for dei mange. Det går an!