Tre ordførar som er medlemmer i atomklubben Norske kjernekraftkommunar har svara på min kronikk om «Atomkremmarar» i Sunnmørsposten. Dei tre ordførarane seier dei ønsker å løyse kraftutfordringane, ikkje berre i eigen kommune, men også i Noreg – og i heile verda.

Når små kommunar ønsker å løyse globale utfordringar så lurer eg på om dei har forstått forskjellen på å vere medlem av ein supporterklubb og faktisk spele i Champions League?

Det er kanskje velmeint når kommunar blir medlemmer av atomklubben Norske kjernekraftkommunar, men det er grenselaust naivt å tru at din kommune vil stå først i køen til å få eit atomkraftverk på sitt nes, berre fordi kommunen er medlem av atomklubben.

Risikoen ved atomkraft blir ikkje mindre av at ein kommune set av areal til eit framtidig atomkraftverk eller at atomkraft eller atomavfall vert omtala i ein kommunal næringsplan.

Atomkraft har enorme uløyste problem som ikkje blir ordna i neste budsjett- eller valperiode. Derimot inngår Norske kjernekraftkommunar i ein breiare politisk kampanje for å snu folkemeininga og nasjonal politikk og å innføre atomkraft i Noreg, noko som kan kallast lobbyisme for atomkraftindustrien som desperat treng påfyll frå oljefondet.

Som representantar for organisasjonen Norske kjernekraftkommunar hevdar dei tre ordførarane at dei berre vil ha greia ut atomkraft som ein del av framtidas energimiks. Kvifor då lage ein klubb med namnet Norsk kjernekraft? Kunne ein ikkje valt eit anna namn? Norske kjernekraftkommunar er naturlegvis berre ein del av ein større kampanje for å presse fram atomkraft i Noreg.

Men vi er heilt samde om at miljøproblema også må løysast lokalt. Og det er bra at vi kan vere samde om at atomkraft er kjempedyrt.