Det er viktigare at bru- og tunnelprosjekt på romsdalssida av aksen blir prioritert. Å prioritere  rimelegare tiltak på sunnmørssida for dei mange bilistane i forhold til gigantdyre tiltak på romsdalssida for dei langt færre, er altså viktigare.

Kva slags faglege, helsemessige og trafikksikringstiltak dei legg til grunn for dette, er vanskeleg å forstå.

Dei kjempeproblema vi har med trafikken gjennom Sjøholt sentrum, skal vi framleis leve med i mange år til, meiner dei. No har dei utsett å gjere noko med stekninga Ålesund – Ørskogfjellet til tidlegast 2036.

Vi har stadig fått høyre at grunngjevinga for Møreaksen er at bu- og arbeidsområdet i regionen skal bli betre. Men er det berre i Molde-regionen at dette området skal utviklast?

Tenkjer dei ikkje på helseproblema, trafikktrygginga, brems i utviklinga som trafikken gjennom Sjøholt sentrum medfører? Her går fram mot 10.000 bilar gjennom tettstaden kvart døgn og ein stor prosent er tungtransport.

Frå sentrum og tre kilometer vestover til dømes er det 38 av- og påkøyrsle. Er dette forsvarleg på ein E39-veg utan at det blir gjort noko for å betre på situasjonen?

Forholda blir ikkje betre. Trafikken vil auke mykje framover, og problema blir berre større både for trafikantane og folket som bur her. Korleis skal vi kunne handtrere dette framover?

Har ikkje SVV eit ansvar for å rydde opp i slike problem? Vi les om at flaskehalsar på E39 sørover på Vestlandet blir fjerna. Støymurar og tryggingstiltak blir gjennomførte. Kvifor blir ikkje noko slikt gjort på Sjøholt?

Vi har ikkje ein einaste meter med støyskjerming eingong, sjølv om trailarar og personbilar fossar fram berre nokre meter frå husveggane. Her må trafikken bort!

Prioriteringa til SVV er uforståeleg, umenneskeleg og forkastleg!

No bør vi som bur her og dei som bur i tettstaden Valle og andre som ser galskapen som er i ferd med å skje, samle kreftene og krevje at ny trasé utanom Sjøholt blir gjennomført først. Det same gjeld for tettstaden Valle.

Vi krev at politikarane og administrasjon i Ålesund kommune tek fatt i saka . Regjeringa og Stortinget skal innsjå at tettstadene på strekninga Ålesund – Ørskogfjellet er det første tiltaket i Møreaksen som skal gjennomførast.