Den 20. april kjem sentrale politikarar, næringslivsfolk og transportørar saman til vegdebatt. Også på dette møtet vil fylkesvegen gjennom Hornindal vere temaet. Målet er at det 14 kilometer lange vegstykket skal kome i posisjon for utbetring. Det vil seie: Ein heilt ny veg mellom Grodås i Volda og Røyrhusbrua i Stranda.

La det vere sagt: Det finst få strekningar der dårleg vegstandard har vorte meir omsnakka. I tiår har sjåførar ergra seg over tilstanden. Først vart vegen omtala som eit nær sagt samanhengande gjørmehol.

Foto: Bengt Flaten, Fjordingen

Seinare, etter at det kom asfalt oppå grusdekket, har ergrelsen handla om dei mange humpane bilane har måtte forsere. Heile 110 hadde ein veteran bak rattet talt på si ferd gjennom dalen.

Manglar prioritet

Kvifor har Fv 60 gjennom Hornindal ikkje vorte eit realistisk, prioritert vegprosjekt?

Meiningane har vore mange, men dei som har fått høve til å uttale seg, har hevda det same: Vegen er i så dårleg forfatning at noko må bli gjort for å heve han til eit akseptabelt nivå. Det same vil bli sagt og presisert på møtet om få dagar.

Slik kravet lydde for 10 år sidan, 20 år, 30 år og år før det igjen.

Slik var det då Fv 60 gjennom Hornindal høyrde til Sogn og Fjordane. Slik har det jamvel vorte etter at Møre og Romsdal har teke over ansvaret. Etter at Hornindal vart innlemma i Volda, vart orda frå dåverande fylkesordførar lagt til grunn for ei viss optimisme.

Han hevda at som eit resultat av at honndølane gjekk saman med voldingane, ville vere at fylkesvegen gjennom Hornindal måtte kome på dagsorden:

«Det er snakk om realpolitikk. Vi har ikkje råd til å la vere. Vegen er i dag ein pest og ei plage.»

Reguleringsplan

Noko, sett frå ein positiv synsstad, har trass alt skjedd sidan samanslåinga av dei to kommunane. Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke å dekke kostnaden med ein reguleringsplan.

Før dette viste Stranda kommune og tidlegare Hornindal kommune vilje til å forskottere deler av utgiftene. Den totale prisen for reguleringsarbeidet vart i 2021 estimert til vel 10 millionar kroner.

Så langt, men ikkje lengre til denne tid.

Manglande vilje

Ingen vil tore å antyde kor mange år det vil ta å kome i gang med den praktiske deler av vegprosjektet, eller sagt på ein annan og meir folkeleg måte: Når kan spaden bli sett i jorda?

Til så lenge må ein smørje seg med tolmod. Dei faste brukarane av fylkesvegen har meir enn ergra seg over tilstanden. Dei stiller seg uforståande til at politiske styremakter sentralt og regionalt ikkje har vist vilje til meir handling.

Ikkje var det humoristisk meint då skiltet med teksten «Welcom to telahiv» vart synleg i vegkanten, eller til plakaten «Verdens lengste berg- og dalbane». Både irritasjon og fortviling låg tvillaust til grunn for kreativiteten.

Bergen-Trondheim

Som på eit større vegmøte i Hornindal for ein del år sidan, der temaet var det same som for det komande vegmøtet, vil næringslivsfolk kome med eksempel på dei problema dårleg vegstandard skaper for sine bedrifter.

Dagleg blir det transportert store vognlass med produkt frå begge sider av kommunegrensa. Trafikken av vogntog har auka som fylgje av standardheving på Ljøvegen, i forlenging av Hornindalsvegen. Som kjent er det her snakk om den kortaste vegstrekninga mellom Bergen og Trondheim.

Dystert minne

Apropos gjørmehol, som var «standard» i tida som var, har vi ofte tenkt tilbake på ei sjølvopplevd hending kring 1970. Saman med fotograf Roger Engvik i Sunnmørsposten var oppdraget vårt å skildre problema med den frykta teleløysinga.

Meldinga lydde på at bussruta mellom Hornindal og Hellesylt var innstilt, mjølkebilen til meieriet på Hellesylt laut gjere vendereis, fleire bilar køyrde seg fast i djupe bilspor, og … kort sagt var det snakk om problem for dei som gjorde forsøk på å ta seg fram.

Foto: Roger Engvik

Vårt møte med situasjonen vart som ein kunne vente; reportasjebilen vart ståande bom fast. Sterke hender vart tilkalla. Gjørma stod oss til leggen. Til alt hell hadde vi rusta oss ut med høge støvlar.

Reportasjen kom på trykk. Kommentarane vart mange. Bildet enda som oppslag fleire stader.

Vegstrekninga har gjennomgått endringar sidan. Også til det betre. Men mykje står att før alt er slik der skal vere.

Spørsmålet er om vegmøtet kan gi det endelege svaret.