Fagforbundet Helse Sunnmøre er alvorleg bekymra for konsekvensane Helseplattforma kan få for dei tilsette, pasientane og sjukehusa i Helse Møre og Romsdal.

Erfaringar frå andre nordiske lang viser at Helseplattforma fører til mindre effektive sjukehus. Dette vil tvinge fram bruk av private aktørar i regionen, som gir auka konkurranse om fagfolka. Regjeringa beståande av Arbeidarpartiet og Senterpartiet burde difor ikkje akseptere eit datasystem som gir slike konsekvensar. Vi er allereie i kneståande på enkelte område i Helse Møre og Romsdal når det gjeld ventetide.

Sidan vi framleis driftar sjukehusa etter marknadsmodell så vil nedsett effektivitet føre til ytterlegare underskot og kutt. Dette ser vi konsekvensane av på St. Olav med kutt på 200 millionar der helseplattforma har gitt store ekstra utgifter.

Lengre venteliste vil også gi dei med god økonomi høve til raskare helseteneste med private aktørar. Det er difor uforståeleg at ei regjering med sosialdemokratiske verdiar let att auga. Fagforbundet ynskjer ikkje ei slik utvikling i samfunnet der vi lagar tydlege klasseskilje.

For Fagforbundet sine medlemmar så fryktar vi nedbemanning og store omstillingsprosessar som ein konsekvens av eit system som gir nedsett effektivitet og rekrutteringsutfordringar. Vi er også bekymra for at funksjonar og større byggeprosjekt vert sett i spel.

Vi er kome til eit punkt der skroting er einaste veg ut av uføre, sjølv om også dette vert ein enorm kostnad!