Den undersjøiske tunnelen som er planlagt frå Vik i Vestnes til Nautneset i Molde vil bestå av to parallelle tofelts tunnelar, dvs. eit løp i kvar retning. Tunnelane er om lag 16 km lange, og vil gå 360m djupt under øya Tautra.

Fjordkryssinga er altså meir enn dobbelt så lang som dei to undersjøiske tunnelane mellom Ålesund og Vigra til saman, og meir enn dobbelt så djup som desse tunnelane; Valderøytunnelen er 4222 m lang og når 137m djupt og Ellingsøytunnelen er 3520 m lang og når 144 m under havet.

Bygginga av dei undersjøiske tunnelane til Møreaksen vil vere eit stort inngrep i naturen. Kvar skal tunnelmassane frå dei til saman meir enn 3,2 mil lange tunnelane deponerast? Eg har ikkje funne svar på kor stort volum masse det er snakk om, men på Statens vegvesen sine sider står det om deponeringa av masse frå den 3482 m lange Bogstunnelen. Det står at det vart deponert om lag 58.000 fm³ (kubikkmeter fast masse) med tunnelstein i Valheimsfjorden ved Bogen. Massevolumet frå tunnelane under Romsdalsfjorden vil bli om lag 10 gonger så stort. Kvar skal massane dumpast?

Tunnelane vil ligge i eit jordskjelvområde der det i 2018 vart målt skjelv til 4 på Richters skala, vi veit ikkje om det kan bli negativt for prosjektet.

Kva vil det koste å drifte tunnelane? Straumforbruket vil vere høgt når tunnelløpa og eigne lysrom inne i tunnelane skal ha lys heile døgnet, og enorme vifter skal sørge for ventilasjonen. Dette er forbruk og utgifter som alltid vil vere der.

Sjølve fjordkryssinga er berekna til å koste 14,5 milliardar kroner, men vi har ingen garanti for at denne prisen vil halde.

Romsdalsaksen med bruer i staden for tunnel til fjordkryssing har kome opp som eit alternativ. Dette er eit klart betre alternativ både for miljøet og når det gjeld straumforbruk.

Det blir sagt at tunnelane er svært trygge, men eg vil heller vere på ei bru enn 360 m under havet om eg skulle oppleve ein bilbrann.

Alternativet med bruer vil gi ein veg med flott utsikt mot Molde, og gang og sykkelstiane langs vegen kan bli eit positivt bidrag for folkehelsa.

Eg håper at fjordkryssinga til Møreaksen aldri blir bygd.