Med ein «Nei til nynorsk»-plakat ved sida av. Det er berre det at fleirtalet seier ikkje nei til nynorsk. Undersøkinga syner at heile 55 prosent ønskjer at nynorsk framleis skal ha ein plass i Ålesund kommune. Då må kommunen halde fram med å vere nynorskkommune.

Då Ålesund vart nynorskkommune i 2020, var grunnlaget at nye Ålesund skulle vere ein kommune for både nynorsbrukarar og bokmålsbrukarar. Kommunestyret vedtok ein raus og passande språkbruksplan for ein kommune som vil, i tråd med språklova, sidestille nynorsk og bokmål.

Sjølv om Haram no skal skilje lag med Ålesund kommune, må Ålesund halde fram med å vere den nynorskkommunen han har vore dei siste åra. Nye Ålesund, utan Haram, er framleis ein kommune som kjem ut av tre nynorskkommunar og éin språknøytral kommune. Det var også dette som gjorde at nynorsk vart skriven inn i intensjonsavtalen. Omsynet til dei tre nynorskkommunane må vege tungt.

Sunnmørsposten skriv også at berre tre av ti elevar kjem til å vere nynorskelevar etter oppdelinga. Det som ikkje kjem fram, er at dette er om lag 1500 elevar fordelte på 16 barne- og ungdomsskular (både private og kommunale). Eit så høgt elevtal gjer nye Ålesund framleis til den største nynorskkommunen i elevtal i Møre og Romsdal, og mellom dei største i Noreg. At Ålesund er ein nynorskkommune, gir ei støtte til alle elevane i kommunen som skriv nynorsk. Omsynet til denne elevgruppa må vege tungt.

Erfaringane, nær sagt frå heile landet, er at kommunar som kallar seg språknøytrale, lèt bokmål dominere og knapt har nokon plass for nynorsk. Dette blir altså ikkje nøytralitet, men heller usynleggjering av nynorsk. I gamle og språknøytrale Ålesund var det brukt så lite nynorsk at mange trudde Ålesund formelt var ein bokmålskommune

For å halde på det språklege mangfaldet i Ålesund er det heilt avgjerande at det nye kommunestyret stadfestar dagens vedtak. Språkbruksplanen sikrar at Ålesund står fram som ein nynorskkommune og er i praksis ei stadfesting av ein reelt tospråkleg kommune. Innbyggjarane får sjå nynorsk frå kommunen sin, tilsette er frie til å skrive nynorsk om dei vil. Skjema og liknande er tilgjengelege på både nynorsk og bokmål, og alle som bur i byen får snakke med kommunen på språket sitt.

Eit tospråkleg Ålesund har difor både fortida og framtida med seg.