For det er dette den megapopulære plattforma Facebook meiner eg står inne for.

Den 06. november på kvelden rett etter eg kom heim frå bandøving fekk eg ei melding frå «Fjesboka» om at nok var nok – du har brytt fleire av vore retningslinjer og no hiv vi deg ut. Du har 180 dagar på å anke saka. «Har eg plutseleg blitt lovbrytar?», tenkte eg då.

Ved første stund så var dette merkeleg, og eg tenkte at dette gjekk kjapt over etter at eg sende inn anka. Men lite visste eg korleis prosessen eigentleg var. Den var langt verre ein eg hadde turt å håpa på. Irritasjon blei til frustrasjon, og frustrasjon blei til depresjon. I ei viss grad.

For det er ikkje berre slik at ein blir logga ut av Facebook, men også ut av samfunnet. For eg kan tore å hevde at mykje av kommunikasjonen i dag skjer der inne. Plutseleg er eg vanskelegare å nå, plutseleg så får eg ikkje med meg lenger gøyale eller spanande oppdateringar, eller fine og viktige ting som folk i mitt liv delar om sitt eige liv.

15 år av alle slags minne – morosame, spanande, sjokkerande, triste og kule som eg har delt i mitt liv, er no fjerna på ubevisst tid. Korleis kunne dette skje? Vel, no skal du få høyra.

Det byrja med at eg blei kasta ut grunna at plattforma trudde eg hadde ein forkjærleik for terror og pornografi. Terror-innlegga var det ein anna person som stod bak, som då hadde hacka meg i sommar. Pornografien? Eg har min definisjon på kva pornografi er og Facebook har sin tydelegvis. For dei var eit bilete av ryggen min av ein så grov seksuell karakter at det blei siste dropen for plattforma.

Poenget med denne teksten er ikkje å få fram at det er keisamt å ikkje kunne sjekke kva bilete eller statusoppdatering naboen har lagt ut, men heller dette med kor urettferdig og hjelpelaus ein føler seg i møte med kanskje verdas største sosiale medium.

For du må ikkje tru at det er berre å ringe eller sende e-post og forklare situasjonen. Nei, det er nesten umogeleg. Og då sit ein der hjelpelaus og litt einsam, i ei elles mørklagt tid som desember brukar å vere.

Alt i alt får ein erfare at sosiale medium og profilane ein har der er viktige for deg i samfunnet, dette med å vere til stades og kunne ta del i nettverda. For livet på internett har blitt nesten like viktig som livet elles.