For det fyrste vil eg seie at det er heilt naturleg å gå i bar overkropp, spesielt i eit treningsmiljø. Dette var heilt vanleg for mange hundre år sidan. Blant anna var det vanleg for romerske menn å vise mykje, om ikkje alt, av overkroppen sin. Vikingar pleidde dessutan å vise mykje hud.

Eg ser ingen grunn til at dette ikkje skal kunne bli sett på som vanleg no også.

I tillegg er det faktiske fordelar til å trene i bar overkropp. Det kan ofte vere meir komfortabelt å trene i baris. Då slepp du å trene i sveitte, klamme klede og det kan ofte hjelpe reguleringa av temperatur. Dersom man skal trene i bar overkropp må ein ta omsyn til andre, og det må derfor vere pålagd å ha med handduk til å legge oppå treningsbenkane.

Ved enkelte treningsøvingar kan det vere praktisk å sjå seg sjølv i bar overkropp. Da kan man sjå nøyaktig kva muskel som blir aktivert til ei kvar tid, i tillegg vil ein kunne betre isolere dei musklane du faktisk ynskjer å trene og perfeksjonere forma du brukar på kvar enkelt øving.

Det at det blir lov å gå i bar overkropp meiner eg ikkje kjem til å skremme vekk dei nyare eller mindre erfarne treningsmedlemane, men heller vil fungere som ein motivasjon.

Når personar ser kroppane til ein som har trent lenge vil dei kunne sjå på det som et mål, dette vil gi dei eit mål og noko å jobbe mot. Dei som har eit mål vill ofte jobbe hardare og med høgare intensitet for å nå måla sine, enn ein som går fram utan eit mål. For dei som ikkje er nye, men som har trent lenge vil det vere gøy å kunne vise fram det dei har jobba så hardt for å oppnå.

Forhåpentleg vil dette hjelpe med å auke sjølvtilliten deira. Dette kan vere nyttig sidan folk som begynner å trene pleier ofte å vere veldig tynne eller veldig store. Ofte er det lav sjølvtillit som får dei til å trene i håp om å betre seg sjølve, og når du har trent i fleire år er det kjekt å kunne ta glede i å vise fram progresjonen din.

Treningssenter har ofte eit svært godt miljø der alle støtter kvarandre og Family Sports Club i Sykkylven er ikkje eit unntak. Eg meiner at dette ikkje kjem til å endre dersom folk går i bar overkropp.

Det blir også urettferdig til ein viss grad for menn sidan jenter kan oppnå omtrent alle fordelane frå å trene i bar overkropp ved å bruke sports-BH. For menn kan dette vere meir problematisk, derfor hadde det vert betre om det var lov å trene utan skjorta på.

Eit anna alternativ dersom det ikkje blir mogleg å gjere det lovleg i heile treningsarealet, kunne vere å tilby eit lukka område laga for dei som vil gå i bar overkropp og vise fram progresjonen sin.

No må ein gjere dette i garderobane, men av omsyn til andre blir det av og til ei utfordring å ta bilde og dokument progresjonen sin. Dersom ein har eit eige område for dette med god belysning og gode spegel kan dette vere ei alternativ løysing på akkurat dette problemet.