Brennpunkt-dokumentaren «Instukids» reiser eit kritisk søkelys på institusjons-barnevernet. Søkelyset har samanheng med at Stortinget legg ein ny strategi for desse tiltaka etter at departementet i 2023 la fram ein NOU («Med barnet heile vegen»).¨

Både NOUen og «Instukids» syner alvorlege manglar om dop og overgrep som institusjonane har ansvaret for. Samtidig blir det foreslått viktige grep for å styrke denne svært viktige delen av hjelpeapparatet og velferdsstaten, m.a. ei styrking av helsetenestene knytt til barnevernet. Det viktige spørsmålet er likevel om «Instukids» bidrar til å skape eit skeivt bilete av situasjonen, og dermed kan svekke desse tenestene.

Min bakgrunn for å kommentere saka er at eg i mange tiår har arbeidd med å utdanne kvalifiserte barnevernsarbeidarar, på bachelor- og masternivå. Det er viktig med god sosialfagleg kompetanse i desse yrka, og faktum er at det i all hovudsak er sosialfagleg utdanna personell som utgjer kompetansen og den faglege stammen i institusjonane.

Dei har kunnskap om rus- og psykisk helse, men ofte utan å ha høg spesialkompetanse. Eg har også erfaring frå styrearbeid i ideelle barnevernsinstitusjonar, og ser korleis det blir lagt til rette og arbeidd så langt ein har kompetanse og økonomi til det. Men ein ser samtidig store utfordringar.

Behovet for meir helsekompetanse er tydeleg, og det er viktig at NOUen og arbeidet i Stortinget ønskjer å styrke relasjonen mellom helseteam og institusjonane. Dette har vore ei stor utfordring.

Eg kjenner til at institusjonar har hatt etablert avtale med kvalifisert psykolog innan psykisk helse, men der det ikkje er oppnådd avtale frå statleg oppdragsgjevar om finansiering av tilbodet, fordi institusjonen skal bruke det tilgjengelege offentlege helsetilbodet. Men så viser det seg at dette nettopp ikkje er tilgjengeleg, pga. manglande offentleg helsekapasitet.

Eit problem med «Instukids» kan vere at det gir eit skeivt og uheldig bilete av innsatsen og arbeidet som blir gjort i barnevernsinstitusjonane. Det er svært viktig at programmet gir stemme til barn i svært sårbare situasjonar, som har fått manglande oppfølging, som rusar seg i institusjonen, ja, som til og med blir misbrukte. Og det er viktig at NRK på denne måten set søkelyset på institusjonar som ikkje arbeider tilfredsstillande med desse problema.

Men ein må samtidig spørje seg om reportasjen skuggar for det gode og svært viktige faglege arbeidet som også skjer i institusjonsbarnevernet – leiarar og tilsette som strekkjer seg langt utover det ein kunne forvente, for å hindre rusing, for å syne barna tillit, få dei i gang med gode aktivitetar og spore dei opp og hente dei heim etter rømming.

Mange av forslaga i NOUen og i Stortinget si handsaming er gode og viktige. Men det er også politikarane sitt ansvar å trekke fram styrken i det barnevernet Norge har, og også sikre tilgangen på god helsehjelp, ikkje berre som eit ideal, men som reell tilgang.