Og dei planane myndigheitene legg opp til, gjer meg uroleg med tanke på framtida.

Vi veit at i dag har vi nok kraftproduksjon til å forsyne oss sjølv. Utan eksport. Dei prognosane dei styrande går etter, seier at fram mot 2050. vil energibehovet doble seg. Dette er då tenkt oppfylt med vindkraft. I mi tid var tommelfingerregelen at for ein kw vindkraft, måtte ha ein kw backup frå anna produksjon. Den andre produksjonen, er alt brukt opp i dag, så vi har ikkje anna sikring enn import. Kva vi då får, treng på ingen måte vere grøn slik alt skal vere i dag. Så den dagen vindgeneratorane går med redusert eller ingen produksjon, er rasjonering like om hjørnet.

Kjernekraft, er for meg, den einaste sikre løysinga på vårt framtidige behov.

Men seier motstandarane, vi har ikkje kompetanse på det her i landet, og det tek lang tid å bygge. Vel den dagen vi får krise, har vi framleis ingen kompetanse, og det tek like lang tid å bygge. Tenk på då oljealderen kom til landet. Vi hadde ikkje kompetanse på det heller. Men vi kjøpte kompetanse der den var å få. Og ingen vil vel i dag seie at vi ikkje har kompetanse, ja på mange område er vi verdsleiande.

Så sett i gang med planlegging og realisering av atomkraftverk snarast råd. Det er det einaste i dag som kan sikre ei ottelaus energiframtid.

Men seier dei som er i mot. Det ha vore fleire store ulykker med atomverk. Ja, men dei tek utgangspunkt i gamle utrygge verk i Aust-Europa. Med nye teknologiar, er eit atomkraftverk mykje sikrare i dag. Når ein tenkjer på at eit enkelt atomkraftverk kan produsere mange, mange gonger det som alle vindkraftanlegga som er planlagt, er det galemattis å avskrive denne energiforma. Helst bør det byggast fleire A-verk, og spreie ut over landet. Det gjev endå sikrare energitilgang.

Så var det dette med motstand, berre mot tanken. Det er og motstand mot vindkraft også. Til havs og på land. Ja kva er det vel ikkje motstand mot her i landet. Det har vi i alle fall sett når det gjeld vindkraft i vårt eige fylke og elles i landet. Minst for mange tiår sidan, då dette spørsmålet var aktuelt. Folk i Oslo-regionen, var positive berre det vart bygt på Vestlandet. Men slike verk burde ligge så nær der dei store forbrukarsamlingane finst. I Nærleik av dei store byane, og der store kraftkrevjande installasjonar er etablert.

Vonar at den veksande opinionen som ønskjer atomkraft i Norge vert så sterk at politikarane blir nøydd å ta dei på alvor. Snarast råd.