Marin Teknikk har fleire yachtjobbar på handa

Men Herøy-bedrifta bad arbeidsministaren om regelendring som kan gi meir jobb lokalt på luksusfartøy.

Prøvetur Yacht nummer to til newzealandske Graeme Hart under ein prøvetur i sunnmørske fjorder. Snart kjem truleg fleire yachtdesign på sjøen frå Herøy.   Foto: Kleven/Berge Myrene

Næringsliv

Erling-Johan og Helge lærte 3D-design med kurspengar frå NAV - slapp å bli permitterte

Bedrifter rosar ordning med kursstøtte. Pengane har hjelpt Marin Teknikk i Herøy til å lære opp tilsette i 3D-design.

Designkontraktane som Marin Teknikk har kapra med luksusyachtane til den newzealandske forretningsmannen Graeme Hart, har vekt stor merksemd dei siste åra. Og Herøy-bedrifta har fleire yachtkontraktar i kjømda.

Letta på sløret

Det var under arbeidsministar Anniken Hauglie sitt besøk ved Marin Teknikk torsdag, at bedrifta letta litt på sløret om kva dei jobbar med for tida. Då kom det fram at det truleg vil vere fleire yachtar på sjøen med Herøy-design i løpet av dei komande åra.