Det var Bente Åmbakk som i fjor fekk ideen om å rydde og ordne ny rås til Saksa. Saksa Turstiforeining vart skipa, og dugnadsgruppa gjennomførte ryddedugnader i terrenget og satsa stort på å gjere fjellet meir tilgjengeleg. Den største jobben gjorde fire innleigde karar frå Nepal, som bokstavleg talt flytta fjell og laga trappetrinn gjennom ura.

Her finner du resten av 2015-kavalkaden.

2000 på toppen

Den nye Saksa-råsa vart høgtideleg opna 12. september, men det vart lagt ut bok i varden på toppen av fjellet allereie 22. august.

– 1. november hadde over 2000 personar skrive seg i boka. Det er heilt enormt, og langt over det vi forventa då vi bestemte oss for å ordne råsa, seier Bente Åmbakk.

Bente Åmbakk på veg opp trappetrinna i ura under opninga av Saksa-råsa 12. september i år. I bakgrunnen ligg Bondalen og Sæbø.

Ho fortel at rykta om råsa og det flotte fjellet med utsyn over Norangsfjorden og Hjørundfjorden har nådd langt ut over fylkesgrensene.

– Slogen har fått seg ein veslebror. Eg trur Saksa har same effekten på folk som storebror Slogen. Både turen og utsynet er så storslege at ein må dit fleire gonger, meiner Åmbakk.

Slitasje

Det har vore så mykje trakk i råsa i haust at turstiforeininga ser seg nøydde til å gjere fleire forsterkingar av stien. Planen er å få på plass steintrinn i bakken der råsa startar på Urke, og i nokre gjøl vil det å få på plass steinbruer gjere det lettare å passere.

– Tanken er å få karane frå Nepal hit igjen for å utføre dette arbeidet, sannsynlegvis til sommaren. Vi er heldige og har nettopp fått tildelt 100.000 kroner frå Gjensidigestiftinga, så det ser ut til at vi får realisert planane, fortel Åmbakk.

Gjør som over 24.000 andre - følg smp.no på Facebook!

Tynn luft

Dei fire nepalarane kjem frå ein liten landsby i fjellandet Nepal. Dei er fødde og oppvaksne i tynn luft, 3100 meter over havet. Den eine av dei, Sona Sherpa (40), har jamvel vore til topps på Mount Everest to gonger.

– Tynn luft plagar oss ikkje i det heile teke her. Det mest spesielle i forhold til heime er å kunne sjå ned på desse vakre fjordane, sa Sherpa til Sunnmørsposten i august.

Stødig sti

Dugnadsorganisator Jens Arve Forbord, som var med Sunnmørsposten til topps på Saksa i august, gav trappetrinna til sherpa-gjengen topp karakter.

– Nydeleg arbeid. Så stødig sti som ein berre kan ønskje seg, og samstundes knapt synleg i steinmengda her.

Les også disse sakene fra juli og august:

Berre grøne bær i åkeren

Se dronefilm fra Tall Ships Races

Riise signerte for AaFK

Vil at vi skal spise innsekt

Emblem IL til topps i Norway Cup

Rekordhøg trafikk på Kvivsvegen

Flammande Kygo på fullsett stadion

Fekk møte skodespelar i Bølgen