Pleiarmangel kan bli dyrt

Mangel på rett helsepersonell utfordrar økonomien til sjukehusa i Møre og Romsdal.

Mangelvare: Spesielt ved Ålesund sjukehus er det stor mangel på spesialsjukepleiarar. Eit av tiltaka er å flytte pasientar frå sjukehuset i Ålesund til Volda for å utnytte kapasiteten betre. Illustrasjonsfoto 

Nyheter

Bemanningskabalen er eitt av dei vanskelege punkta for eit helseføretak som er hardt pressa på økonomi. Helse Møre og Romsdal er heilt avhengig av å få økonomien i balanse for å møte store investeringsbehov i dei næraste åra. Dette gjeld både investeringar i det nye sjukehuset utanfor Molde, og også kostbare nysatsingar som eksempelvis PCI (hjartesenter) ved sjukehuset i Ålesund.