Dei siste to-tre åra har vi sett ein sterk auke i gode mediehistorier om atomkraftverk i Noreg. Atomkremmarar som Norsk kjernekraft AS reiser land og strand rundt med atomkraft i skreppa og alle som spør får høyre at deira kommune passar godt for plassering av eit «snilt» lite atomkraftverk.

Går vi mot eit atomkraftverk på kvart nes? Eller er atomhistoria for god til å vere sann?

Ei enkel oppteljing av tal artiklar i norske media som inneheld «kjernekraft» eller «atomkraft» viser mangedobling i 2022 og 2023 samanlikna med tidlegare år. Norske media hadde om lag 1.500 artiklar om atomkraft per år før 2021. Men så har det kome ein sterk auke. I 2023 skreiv norske media nesten 7.000 artiklar om atomkraft ifølgje tal frå databasen Atekst.

Kvar har denne tilsynelatande forrykande auka interessa for atomkraft kome frå?

Ei forklaring er at vi har fått ein pengesterk atomkraftlobby som framstiller atomkraft som noko som kjem uansett, som er heilt ufarleg, seier at atomkraft vil gi oss nesten gratis straum, og at vi må vere raske for å få ein plass langt framme i køen.

Diverre stemmer ingen av desse påstandane. Atomlobbyen har ein lang veg å gå frå å vere kremmarar til å drive med folkeopplysning, men det er vel heller ikkje deira oppgåve?

Nører til uvisse

Eg opplever debatten dei siste åra som at atomkremmarane i veldig stor grad har fått breie seg uimotsagt i media og på andre arenaer med urealistiske lovnader om billeg og sikker straum, små, snille og nærast usynlege kraftverk med mange lokale arbeidsplassar. Og alt dette i staden for store vindmølleparkar.

Atomkremmarane har nøre opp under uvissa eller fått draghjelp frå høgare straumrekningar, krig i Ukraina og høgare renter. Dette har atomkraftlobbyen kunna utnytta for å snu opinionen. Meiningsmålingar kan tyde på at eit fleirtal i folket brått har skifta meining og no støttar atomkraft.

Når ein framfører ein klar og tydeleg bodskap, og byr på enkle løysingar på store og kompliserte spørsmål, kan ein lett få folk med seg. Frp ser ut til å ha blitt eit atomparti og Høgre er kanskje på veg i den retninga. Vi har sett at kommunar brukar reklamen frå atomkraftlobbyen ukritisk i saksbehandlinga si.

Så langt kan det sjå ut til at atomkraftlobbyen har lukkast bra. Men det betyr sjølvsagt ikkje at dei har rett. Du spør ikkje folk flest om å finansiere, bygge, drifte og rydde eit atomkraftverk, sjølv om det kunne fått plass i «bakkane heime» som ein lokalpolitikar lenger sør på Vestlandet ordla seg.

Rike onklar har finansiert atomkraftlobbyen, og oppgåva til atomkremmarane er å snu opinionen og dermed politikarane. Og i neste omgang skal så politikarane bruke pengar på å lage reglar for trygg bygging, drift og ikkje minst betale for opprydding av atomsøppel.

Og så må det brukast pengar på forsking og utdanning av dei mange atomteknikarane som skal kvalitetssikre, bygge og drifte eit atomkraftverk. Dette vil koste pengar, også over skattesetelen, som det heiter.

Atomkraft er ikkje gratis. Det er faktisk kjempedyrt.

Politikarar flest har ikkje brydd seg særleg om atomkraft på mange år. Det er ikkje rart. Ikkje har vi atomkraftverk i Noreg. Ikkje har vi kunnskapsmiljø eller andre naturlege føresetnader for å bygge ut atomkraftverk. Ikkje anna enn at vi treng kraft. Men vi har fått ein atomlobby.

Små og snille atomkraftverk?

Ei kanskje overraskande forklaring på at vi har fått ein atomdebatt i Noreg er at atomindustrien er i pengenød. Det har knapt nok vorte bygd nye atomkraftverk i vestlege land dei siste åra. Nye og fornybare energikjelder som sol og vind har fått kraftig vekst. Atomkraft er altså i ferd med å bli utkonkurrert i vestlege land.

Atomindustrien prøver å snu trenden ved å tilby såkalla SMR kraftverk (Small Modular Reactor). Dette skal bli «små og snille» atomkraftverk som skal kunne bli masseprodusert og dermed kanskje blir billegare og enklare enn gigantkraftverka som er vanlege i dag.

Problemet er at produksjonsseriane til dei små og snille atomkraftverka berre finst i salsbudsjett, brosjyrar og på powerpoint. Marknaden har førebels ikkje hatt tru på dei. I beste fall kan ein seie at det finst nokre få slike kraftverk på eksperimentstadiet. SMR-ane er nye, uprøvde og svært langt frå å vere leveringsklare i store seriar.

Atomkraftlobbyen gir tvert i mot inntrykk av at Noreg må stille seg i kø så snart som råd for ikkje å kome i bakleksa når SMR-ane skal rullast ut. Det bør vi ta med knusande ro. Det er svært lenge til SMR-ane blir serieproduserte.

Vi bør heller ha is i magen og sjå kva erfaringar andre gjer. Situasjonen er heller motsett: Atomindustrien vil ha tak i pengane våre. Slik sett er dei som andre kremmarar.

Mindre kremmeri – meir informasjon

Atomkraftlobbyen seier at dei arbeider for å spreie kunnskap om atomkraft, og underforstått: Motstand mot atomkraft botnar i kunnskapsløyse. Men organisasjonar som Naturvernforbundet, og ikkje minst Bellona, har arbeidd med atomsøppel i mange tiår. Kunnskapen finst, og det er store problem med atomkraft. Jorda er snart tom for uran, spreiing av atomteknologi kan vere kjempefarleg, og etter 80 år med atomenergi er vi framleis ikkje sikre på kva vi skal gjere med avfallet.

Ut frå avisreferat land og strand rundt ser vi at atomkremmarane har fått marknadsføre atomkraft som eit ufeilbarleg vedunderprodukt som skal løyse alle energikriser for alltid.

Alle kommunar som spør kan få eit lite, kjekt atomkraftverk på sitt nes. Atomkraft skil seg dermed ikkje frå andre vedunderprodukt, og kjernen er vel: Det er for godt til å vere sant.