Påskelammet hadde ein funksjon under utreisa til Israel frå Egypt, da det vart ofra til mat og for å smørje blod på dørkarmane og slik halde dødsengelen vekk. I Norge har ikkje påskelammet nokon lang tradisjon. Kulturhistorikar Ørnulf Hodne fortel at «langfredagen var prega av hardt og smertefullt arbeid, lite og vond mat og pisking av folk og fe». I vår tid har dyra endeleg fått stadfesta sin eigenverdi.

Det er ikkje ein unødvendig debatt korleis dei politiske partia stiller seg til dyrevelferd. Bonden og husdyreigaren er den som må forvalte dyrevelferd slik samfunnet krev, og hen må få arbeidsvilkår og inntekt som gjer det mogleg. I Stortinget seier Senterpartiet at det ikkje går an å foreslå forbetring utan å ha kostnaden på bordet. Men det er Stortinget sitt ansvar å vareta samfunnet sitt syn på korleis dyra skal ha det og sørge for at rekninga blir betalt.

Tidlegare landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) varsla i juni i fjor, etter NRK si sending om dårlege forhold i deler av svineproduksjonen, at ho ville starte arbeidet med ei ny dyrevelferdsmelding, for alle dyreartar, også kjæledyr og fisk. Ho karakteriserte aktivistbilda som grufulle. Fleire av bøndene hadde sentrale posisjonar i politikken og organisasjonslivet.

Sjølv om ein naturlegvis tek avstand frå metodane til aktivistane, reiser dei ein viktig debatt. Korleis skal mennesket forvalte ansvaret vi har for å halde husdyr til matproduksjon, til arbeid eller rett og slett som kjæledyr for vår eiga glede? Landbruksminister Sandra Borch (SP) følgjer opp det arbeidet som vart starta av Bollestad.

Partia vart før valet vurdert av fleire dyrevernorganisasjonar for sitt syn på dyrevelferd. MDG, SV og V vart rangert som best og SP rangert som desidert dårlegast. Det synest eg er leitt, men ikkje så rart.

I debatten etter at Olaug Bollestad gjorde greie for oppryddinga etter «svine-filmen», sa t.d. SP at «ein må vere atterhalden med tiltak som aukar kostnaden». SP gjekk også inn for å utsetje lausdriftkravet for storfe, men har heldigvis no programfesta å bidra til investeringsstøtte for å hjelpe bøndene til å oppfylle kravet. I 1997 kritiserte Per Olaf Lundteigen næringa for å bruke svært hurtigveksande kyllingrasar som til slutt ikkje greidde å bere si eiga vekt. Heile fjørfenæringa, bondelaget og ei mengd fylkesleiarar i Senterpartiet gjekk hardt ut og bad Anne Enger Lahnstein ta avstand frå Lundteigen. Noko ho heldigvis ikkje gjorde.

Lundteigen tok i 2014 til orde for å fjerne narasin frå fjørfeproduksjonen og møtte motbør frå eige parti og frå næringa. Heldigvis tok fjørfenæringa sjølv affære etter kvart. Narasin er fjerna som førebyggande antibiotikum i fôret og kyllingen har ikkje blitt sjukare. Fordi samtidig har næringa sjølv gjort ein del forbetringar basert på ny kunnskap, mellom anna dyrevelferdsprogram med regelmessige besøk av veterinær.

Stortinget har gjort fleire vedtak som gir dårlegare dyrevelferd og gjer det verre for bonden. Kommunalisering av veterinærvakta, fjerning av distriktsveterinærordninga og dyrevernnemndene og etablering og sentralisering av Mattilsynet har ikkje akkurat betra situasjonen for rådgjeving og oppfølging av dyrevelferd og dyrehelse.

EU er i ferd med å revidere lovverket om dyrevelferd, og eit nytt forslag blir lagt fram neste år.

Altså eit heilt år før regjeringa hadde tenkt å legge fram si stortingsmelding. Revisjon av dyrevelferdsordninga er ein del av EU sin «frå jord til bord strategi». Hensikta er å sikre betre dyrevelferd, at regelverket omfattar fleire dyreartar og er i tråd med ny forsking, politiske prioriteringar og i tråd med kva innbyggjarane forventar. Noreg som hevdar å vere «best i verda» er altså ikkje i fremste rekkje for å fremme betre dyrevelferd. Dei nærmaste vekene vil EU sitt nye regelverk for økologisk produksjon bli innlemma i Norge, med tiltak som gjev betre velferd for oksar, for fjørfe og etter kvart for grisen. Endringar for sau vart innført for to år sidan.

Økologisk landbruksforsking har gjerne prosjekta på garden og i lag med bonden. Vi veit at det må takast vare på bonden både med omsyn til kostnad og arbeidsmengd og arbeidsmiljø, og vi ser etter løysingar for både økologisk og konvensjonell drift. Ved NORSØK forskar vi no på korleis grisen kan få vere ute og rote i jorda og fjørfeet kan få bygningar med tilgang til uteareal, også i Noreg. Til ein overkommeleg pris! Vi har også sett på enkle og rimelege løysingar for velferdsbinge for ku og kalv, og digitale styrings- og overvakingssystem.

Regelverk er under endring heile tida, og ein treng ikkje vente på ei framtidig stortingsmelding for å rette opp openberre forhold som må til for å gje betre dyrevelferd. Det finst ei mengd kunnskap. Dyra treng ikkje berre treng mat og vatn og unngå sjukdom slik at dei gjev ein effektiv produksjon. Dyra skal kunne utøve naturleg åtferd og ha eit opplevd godt liv.

Senterpartiet sitt bidrag bør vere å lese seg opp på den kunnskapen som alt finst og snu om på den landbrukspolitikken som partiet har vore ein del av, forskriftsfeste tiltak for betre dyrevelferd og sikre den norske bonden inntekt som gjer det mogleg å etterleve samfunnet sine krav og dyra sine behov, både påskelammet, julegrisen og dei andre dyra. Elles legg ein all makt i hendene på organisasjonar og daglegvarekjeder som etablerer sine eigne merkeordningar for dyrevelferd.

-------------------------------------------

Har du noko på hjartet? Send eit innlegget til meninger@smp.no.

Her finn du alt meiningsstoffet på smp.no!