Nivået på uføretrygda er ikkje årsaka til at folk er uføre. Folk som treng uføretrygd, treng det på grunn av helseproblem. Å kutte i trygda gjer dei ikkje friske. Heller tvert om.

Utspelet frå Høgre-nestleiar Henrik Asheim om å forby uføretrygd for unge under 30 år, er lite gjennomtenkt.

Var det tenkt som ein politisk prøveballong, bør nokon finne fram ei nål.

Asheim har rett i at det er for mange som går på uføretrygd i Norge. Også tilsette i Nav meiner at unge får uføretrygd for raskt. Talet på unge uføre har auka kraftig dei siste tiåra. I dag er det meir enn dobbelt så mange uføretrygda under 30 år som det var ved tusenårsskiftet.

Det er eit stort problem, først og fremst for den det gjeld.

Uføretrygd er meint å vere ei varig yting, og unge uføre har nettopp ein høg risiko for å bli ståande utanfor arbeidslivet for alltid. For mange betyr det utanforskap og redusert livskvalitet.

Ei viktig årsak til den sterke auken er at fleire slit med rus eller blir diagnostisert med psykiske lidingar. Sterkare prestasjonspress sosialt og i skulen kan ha bidratt til det. Blant dei unge som mottar uføretrygd er det også mange med funksjonsnedsettingar.

Arbeidslivet har fått mindre plass til folk med helseutfordringar eller låg kompetanse. Det gjer at fleire enn før som har særlege utfordringar, har problem med å få ein fot innanfor.

Dei som slit ekstra lenge med å kome seg i jobb, står i stor fare for å bli ståande varig utanfor arbeidslivet. Når arbeidsavklaringspengane tar slutt, er uføretrygd einaste vegen til inntekt.

Altfor ofte blir det ein blindveg det er vanskeleg å kome seg ut av. Det er ikkje slik at stadig fleire vel uføretrygd som ein lettvint veg, men fordi andre vegar er stengt. Skal vi få ned talet på unge uføre, må vi auke innsatsen i eit stort spenn av område.

Skulen må styrkast. Helsetilbodet til unge som slit med psykisk uhelse må bli betre. NAV må få ressursar og betre verktøy til å hjelpe fleire inn i arbeidslivet, anten i ordinær jobb eller tilrettelagt arbeid.

Så må dei mange unge som likevel ikkje kan klatre over den terskelen, får ei trygd dei kan leve av og tilbod som gir god livskvalitet.

Asheim seier han ikkje vil bruke pisken mot unge som slit, men mot systemet som ikkje klarer å hjelpe dei. Det er fint. Men derfor blir det ekstra vanskeleg å forstå kvifor dei som ikkje får god nok hjelp, sjølve eventuelt skal straffast økonomisk.

Høgre vel sjølv korleis dei vil forme sitt partiprogram, men her bør vakne Høgre-folk syte for å sprekke Asheim sin prøveballong før den går inn for landing der.