Fredag legg forsknings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) fram to stortingsmeldingar. Den eine om opptak til høgare utdanning. Den andre om profesjonsutdanningane.

Han lovar at det ikkje er snakk om ein revolusjon.

Det betyr ikkje at dei ikkje blir omstridde.

Søknadsfristen for høgare utdanning er ti dagar unna. I juli kjem svaret på om plassen på draumestudiet er sikra. Nokre blir skuffa. Kampen om plass kan vere hard. Talet på studiepoeng blir avgjerande.

For nokre blir eit avslag på studieplass starten på ei ny poengjakt.

Denne poengjakta vil regjeringa gjere noko med.

Det er både fornuftig og naudsynt. Dagens system har vorte eit uoversiktleg lappeteppe. Tiltak og særordningar er «sydd inn» for å dekkje hol, særbehov eller nye utfordringar. Det er tid for å skape eit meir heilskapleg, forståeleg og rettvist system.

I lekkasjar og utsegner frå statsråden er nokre endringar i opptakssystemet varsla. Avisa Khorono erfarer at tre av dei viktigaste blir:

  • Alderspoeng blir avskaffa

  • Kjønnspoeng blir erstatta med kvotering til enkelte studium

  • Karakterkravet i norsk og matte for sjukepleiarstudentar blir fjerna

Korkje kjønnspoeng, kvotering eller alderspoeng er rettvist. Kjønn eller alder kan ikkje den enkelte søkjar påverke gjennom eigen innsats. Likevel kan slike ordningar forsvarast ved at det er i samfunnet si interesse å favorisere enkelte grupper.

Kjønnspoeng og kvotering kan vere naudsynt for å sikre betre kjønnsbalanse ved enkelte studium og yrke. Om kvotering er meir effektivt enn kjønnspoeng, slik fleirtalet i Opptaksutvalet hevdar, er derimot svakt grunngjeve.

Då står fjerning av alderspoeng sterkare.

Det er urettvist for den som taper kampen om plass om søkjarar med dårlegare karakterar går forbi dei på grunn av at dei er eldre. Det er heller ikkje i samfunnet si interesse at mange kjem seint i gang fordi dei må samle alderspoeng.

Og det er nettopp omsynet til rettvise og samfunnet sine interesser som må kome først. Ikkje studiestadane sitt behov for å skaffe seg nok studentar.

Det må dei klare ved å vere attraktive nok.

Både Norsk Sykepleierforbund (NSF) og NSF Student vil behalde det særlege karakterkravet i norsk og matte. Dei meiner at dette bidrar til høgre kvalitet, fagleg betre sjukepleiarar og redusert fråfall frå studiet.

Dette er også i samfunnet si interesse.

Helsevesenet si utfordring er ikkje mangel på oppgåver. Her trengst det meir kvalifisert arbeidskraft. Hos enkelte høgskular er det tydelegvis motsett. Dei manglar oppgåver – altså studentar.

Kunnskapsministeren snublar grovt om han lar omsynet til høgskulane sitt behov for studentar kome før behovet for helsepersonell.