Vår utdanning skal ikkje berre forme framtidige yrkesutøvarar, men og ansvarsbevisste innbyggarar som forstår viktigheita av helse og folkehelse. Eg meiner at det derfor er vesentleg å innføre fleire relevante helsefag i skulen.

Vår utdanning skal ikkje berre forme framtidige yrkesutøvarar, men og ansvarsbevisste innbyggarar

Først og fremst kan fleire helsefag i skulen gi elevane kunnskapen dei treng til å ta vare på si eiga helse. Desse helsefaga inkluderer grunnleggjande ernæring, fysisk aktivitet og mental helse. Med den aukande uroa for livsstilssjukdommar som diabetes, hjarte- og karsjukdommar og fedme, tenkjer eg det er viktig at unge forstår kva det vil seie å ta sunne val og lage seg sunne vanar tidleg i livet. Helsefag kan vere med å oppmuntre til dette.

I tillegg vil det ha ei langsiktig effekt på samfunnet. Viss elevar lærer om faktorar som påverkar folkehelsa, som vaksinasjon og smittespreiing, vil dei bli betre rusta til å forstå helsetilstanden til samfunnet, og korleis dei kan ta betre vare på ho. Dette kan føre til at vi får ei befolkning som er meir ansvarleg og informert og som set i gong tiltak for å betre folkehelsa.

Vidare vil også meir helsefag i skulen hjelpe til å dempe stigmatisering og framme forståing av psykisk helse. Ein ser at tala på unge som slit med psykisk helse har økt betrakteleg dei siste åra, og i samfunnet er det dessverre eit vedvarande stigma knytt til psykiske helseutfordringar. Ved å inkludere psykisk helse i læreplanen, kan vi bidra til å normalisere samtalar om dette viktige emnet og minske terskelen for å søkje hjelp.

Ei anna viktig side ved helsefag i skulen er å førebu framtidige helsepersonell. I samfunnet i dag er det stort behov for kvalifiserte sjukepleiarar, legar og helsefagarbeidarar. Om ein hadde prata meir om helse i skulen, kunne det inspirert unge til å utdanne seg innan helse, noko som verkeleg trengst i dagens samfunn.

For å summere opp er innføringa av fleire relevante helse- og folkehelsefag i skulen avgjerande for å møte dei nye samfunnsutfordringane. Det vil hjelpe elevar med å ta vare på si eiga helse, forstå samfunnet sin helsetilstand og bidra til å overvinne stigma rundt psykisk helse. Samstundes vil det inspirere framtidige helsearbeidarar og sikre at vi har kompetente fagfolk i helsevesenet. Det er på høg tid at vi prioriterer helsefag i skulen for å sikre ei sunnare framtid for oss alle!