Torskeoppdrettsfirmaet Ode meiner Naturvernforbundet bør be om å få samtale med dei, i staden for å klage. Vi har prøvd det før. Det var ei rar samtale, der Ode fortalde kor gode dei var til å drive med torskeoppdrett, og blei unnvikande då Naturvernforbundet spurde litt kring torskerømminga i Volda.

Tar tid

Naturvernforbundet har klaga på fem torskekonsesjonar. Den eldste klaga er snart to og eit halvt år gamal og framleis ikkje ferdig handsama. Tre av klagene har blitt eit år gamle og er framleis ikkje sende vidare frå Møre og Romsdal fylkeskommune til Fiskeridirektoratet for avgjerd. Den siste klaga, på Støylen, er eit halvt år gamal, men der er klaga på utsleppsløyve handsama først, så det er forståeleg.

Vi må finne ut av konsekvensane

Eit spørsmål som er heilt nødvendig å finne ut av er om torskeoppdrett kan påverke den ville torsken. Sidan klagene våre ikkje blir handsama, så får vi ikkje prøvd det spørsmålet. Temaet er aktuelt for klage kvar gong. Så finst det stort sett nokre andre tema som vi også meiner må få ei vurdering av klageorganet.

Ikkje i samsvar med forvaltingslova

Tida går. Ode startar stort sett produksjon sjølv om konsesjon er påklaga. Når Naturvernforbundet i fleire høve har bede om oppsetjande verknad av klaga, så får vi ikkje svar frå fylkeskommunen. Dette er ikkje i samsvar med forvaltingslova.

No har Ode søkt om å få utvide fleire av dei anlegga vi har klaga på. Viss Møre og Romsdal fylkeskommune gjev konsesjon til utvidingane, er det høgst truleg at det vil kome nye klager.

Samtale, men ikkje med Ode

Etter kvart melder det seg nok ønskje om å samtale med nokon om desse torskesakene, men vi ser ikkje noka meining i å be om samtalar med Ode.

Litt fortgang i klagehandsaminga av konsesjonane for Alida i Volda, Støylen i Volda, Dysjaneset i Sande, Vorpeneset i Vestnes og Aukan i Aure kan vi derimot gjerne tenkje oss. Det skuldar vi den ville torsken.